Skjenkeløyve til einskildarrangement

Skjenkeløyve til einskildarrangement gjeld for opne arrangement som festivalar, konsertar, framsyningar, dansar eller andre offentlege arrangementer. Ved større arrangement som festivalar, må det søkast politiet om godkjenning av arrangementet.

Kor lang tid tar det å behandle søknaden?

Behandlingstida i kommunen er berekna til om lag 8 veker.

Kva krav må oppfyllast for å få løyve?

  • Løyvesøkar må vera registrert med organisasjonsnummer.
  • Melding om arrangementet må bli gitt til politiet. Ved større arrangement, som festivalar, må godkjenning frå politiet føreligga.
  • Det må utpeikast ein styrar med stadfortredar.
  • Løyvesøkar, styrar og stadfortredar må vera fylt 20 år.
  • Det er ikkje krav om bestått kunnskapsprøve.

Slik søker du

Søknad om skjenkeløyve til einskildarrangement

 

Kontaktinformasjon

Servicetorget
E-post
Telefon 53 65 65 65

Besøksadresse
Rådhusplassen 1, 5580 Ølen

Opningstid
Måndag til fredag frå kl. 09.00 - 14.30

  • I juli er opningstida 10.00 – 14.00. 
  • I romjula er opningstida 11.00 – 14.00
  • Onsdag før skjærtorsdag, julafta og nyttårsafta er rådhuset i Ølen og teknisk bygg i Sandeid stengt.