Alminneleg skjenkeløyve

Du må søka om alminneleg skjenkeløyve dersom du skal driva ein serveringsstad som skjenker alkoholhaldig drikke. Tar du over ein eksisterande serveringsstad, må du søka om eige løyve seinast 30 dagar etter at du inngjekk avtale om overdraging. 

Kor lang tid tar det å behandle søknaden?

Behandlingstida i kommunen er berekna til 3 månadar. Søknadar om alminnelege skjenkeløyver skal behandlast politisk i utval for oppvekst og omsorg (OPOM). 

Vindafjord kommune si behandling av søknaden blir styrt av lovverket, og alkoholpolitiske retningslinjer vedtatt av kommunestyret. Det same gjeld korleis løyvene blir følgt opp. 

Kva krav må oppfyllast for å få løyve?

  • Skjenkeløyve kan ikkje bli gitt åleine, det må også føreligga eit  serveringsløyve.
  • Det må utpeikast ein styrar med stadfortredar, som begge arbeider i verksemda.
  • Alkohollova stiller krav om uklanderleg vandel.
  • Styrar og stadfortredar må ha bestått kunnskapsprøva om alkohollova.
  • Styrar og stadfortredar må vera over 20 år.
  • Har du løyve og ønsker å gjera endringar i drifta, må du snarast søka kommunen om godkjenning. 

Slik søker du

Søknad om alminneleg skjenkeløyve

Vedlegg som må følga søknaden

  • Målsette planteikningar med funksjonar
  • Firmaattest fra Brønnøysundregisteret
  • Dokumentasjon på bestått kunnskapsprøve i alkohollova
  • Skatteattest på personar som har vesentleg innverknad på verksemda
  • Skatteattest på firmaet som søker (løyvesøkar)
  • Aksjeeigarbok (dersom aktuelt)
  • Leigekontrakt for næringslokalet
  • Arbeidsavtale (dagleg leiar, styrar, stadfortredar).

Kontaktinformasjon

Servicetorget
E-post
Telefon 53 65 65 65

Besøksadresse
Rådhusplassen 1, 5580 Ølen

Opningstid
Måndag til fredag frå kl. 09.00 - 14.30

  • I juli er opningstida 10.00 – 14.00. 
  • I romjula er opningstida 11.00 – 14.00
  • Onsdag før skjærtorsdag, julafta og nyttårsafta er rådhuset i Ølen og teknisk bygg i Sandeid stengt.