Serveringsløyve

Planlegg du å starta ein serveringsstad med servering av mat eller drikka, må du ha serveringsløyve frå kommunen. Dette gjeld også om du skal servere mat frå ei matvogn. For å kunne søka om skjenkeløyve for alkohol, må du først ha serveringsløyve.

Kor lang tid tar det å behandle søknaden?

Behandlingstida i kommunen er berekna til ca. 2–3 månader.

Kva krav må oppfyllast for å få løyve?

  • Serveringsløyvet er knytta til ei konkret adresse. Søkaren må ha godkjenning frå dei kommunale bygningsmyndighetene for å kunne driva serveringsverksemd i lokalet.
  • Dagleg leiar må ha bestått etablererprøva.
  • Dagleg leiar må vera over 20 år.
  • Serveringsloven stiller krav om uklanderleg vandel.
  • Har du løyve og ønsker å gjera endringar i drifta, må du snarast søka kommunen om godkjenning.
  • Tar du over ein eksisterande serveringsstad, må du søka om eige serveringsløyve seinast 30 dagar etter at du inngjekk avtale om overdraging.

Slik søker du

Søknad om serveringsløyve

Vedlegg som må følga søknaden

  • Målsatte planteikningar med funksjonar
  • Firmaattest fra Brønnøysundregisteret
  • Dokumentasjon på bestått etablererprøve
  • Skatteattest på personar som har vesentleg innverknad på verksemda
  • Skatteattest på firmaet som søker (løyvesøkar)
  • Aksjeeigarbok (dersom aktuelt)
  • Leigekontrakt for næringslokalet
  • Arbeidsavtale (dagleg leiar) dersom han ikkje er ein del av eigarskapet