Salsløyve

Butikkar som skal selga alkohol må ha salsløyve. Salsløyve gjeld for alkoholgruppe 1 med høgst 4,7 volumprosent alkohol. 

Kva unntak gjeld?

  • Bensinstasjonar, storkioskar og kioskar kan ikkje få salsløyve.

Kor lang tid tar det å behandla søknaden?

Behandlingstida i kommunen er berekna til 3 månader. Søknadar om salsløyver til butikkar skal behandlast politisk i utval for oppvekst og omsorg (OPOM). 

Vindafjord kommune si behandling av søknaden blir styrt av lovverket, og alkoholpolitiske retningslinjer vedtatt av kommunestyret. Det same gjeld korleis løyvene blir følgt opp. 

Kva krav må oppfyllast for å få løyve?

Løyvet blir gitt til personen eller selskapet som har det økonomiske ansvaret for drifta av butikken eller utsalet.

  • Det må utpeikast ein styrar med stadfortredar, som begge arbeider i verksemda.
  • Alkohollova stiller krav om uklanderleg vandel.
  • Styrar og stadfortredar må ha bestått kunnskapsprøva om alkohollova.
  • Styrar og stadfortredar må vera over 20 år.
  • Har du løyve og ønsker å gjera endringar i drifta, må du snarast søka kommunen om godkjenning.

Slik søker du

Søknad om salsløyve

Vedlegg som må følga søknaden

  • Firmaattest frå Brønnøysundregisteret
  • Dokumentasjon på bestått kunnskapsprøve i alkohollova
  • Skatteattest på personar som har vesentleg innverknad på verksemda
  • Skatteattest på firmaet som søker (løyvesøkar)
  • Aksjeeigarbok (der dette er aktuelt)
  • Leigekontrakt for næringslokalet
  • Arbeidsavtale (styrar, stadfortredar)