Omsetningsoppgåve

Alle som har eit sals- eller skjenkeløyve må kvart år betala eit gebyr (bevillingsgebyr) til kommunen.

Storleiken på gebyret er avhengig av kor mykje alkohol som blir selt. Opplysningar om alkoholsalet skal du oppgi anten i omsetningsoppgåve for skjenkeløyve eller i omsetningsoppgåve for salsløyve.

Vindafjord kommune følger maksimussatsane for gebyr i samsvar med alkoholforskrifta § 6-2.

Slik rapporterer du omsetninga

Omsetningsoppgåve salsløyve 2022 (PDF, 168 kB)

Omsetningsoppgåve skjenkeløyve 2022 (PDF, 173 kB)

Vedlegg som må følga omsetningsoppgåva

  • Revisor/rekneskapsførar si stadfesting på faktisk omsett mengde alkohol
  • Eventuelt stadfesting/omsetningsoppgåve fra leverandørar

Kva krav gjeld?

Løyvehavarar som har fleire løyver må senda inn ei omsetningsoppgåve for kvar enkel sals- eller skjenkestad. Oppgåva skal fyllast ut av styreleiar eller av dagleg leiar i selskapet, eventuelt av ein person med fullmakt.

Kontaktinformasjon

Servicetorget
E-post
Telefon 53 65 65 65

Besøksadresse
Rådhusplassen 1, 5580 Ølen

Opningstid
Måndag til fredag frå kl. 08.00 - 15.30