Kontroll av løyver

Kommunen er plikta å føra tilsyn etter alkohollova og tobakksskadelova. Sals- og skjenkekontrollane i Vindafjord kommune blir utført av NoRoSun sals- og skjenkekontroll.

NoRoSun er eit interkommunalt samarbeid mellom Bokn, Bømlo, Etne, Fitjar, Karmøy, Kvinnherad, Haugesund, Hjelmeland, Sauda, Suldal, Stord, Sveio, Tysnes, Tysvær, Vindafjord og Utsira.

Sauda er vertskommune og har dermed ansvaret for skjenke- og salskontrollane i alle medlemskommunane.

Avvik gir prikkar

  • Dersom NoRoSun rapporterer avvik som nevnt i alkoholforskrifta § 10-3, skal kommunen tildela løyvehavar eit bestemt antall prikkar. 
  • Dersom løyvehavar i løpet av ein periode på to år er tildelt til saman 12 prikkar, skal kommunen inndra bevillinga for eit tidsrom på ei veke.
  • Dersom det i løpet av toårsperioden blir tildelt fleire enn 12 prikkar skal kommune auka lengda på inndraginga tilsvarande.

Kontaktinformasjon

Servicetorget
E-post
Telefon 53 65 65 65

Besøksadresse
Rådhusplassen 1, 5580 Ølen

Opningstid
Måndag til fredag frå kl. 09.00 - 14.30

  • I juli er opningstida 10.00 – 14.00. 
  • I romjula er opningstida 11.00 – 14.00
  • Onsdag før skjærtorsdag, julafta og nyttårsafta er rådhuset i Ølen og teknisk bygg i Sandeid stengt.