Når Marie fortel om valet av utdanning, kjem det tydeleg fram at ho drivast av ønsket om å hjelpe.
– Eg ville jobba med menneske og hjelpa dei. Samstundes var det fint å kunne tena litt, og få både lønn og praktisk erfaring inn i kvardagen.
Ho såg tidleg at helsefag tilbydde noko som passa henne godt.
Lærlingeløpet er ein fin kombinasjon av løn, praksis og eit yrke som betyr noko.
Marie Brænden utanfor Gnisten
Kristine Thorsen Eikeland
Nye omgivnader – med ein trygg base
Marie kjem frå Skudeneshavn, og ho kjende at ho ville teste noko nytt etter vidaregåande.
– Eg ville flytta på meg, prøve noko nytt og bu for meg sjølv. Me har hytte på Bjoa, og eg har alltid høyrt om Vindafjord. Det er ei ny plass, men samstundes litt kjent. Det gav tryggleik.
Ho kjende også folk i området – og hadde kjærasten her – så overgangen blei naturleg og god.
No har Vindafjord kommune lyst ut læreplassar for 2026
Variasjon og innsikt
For Marie er det beste med å vere lærling at ho får prøva seg på ulike arbeidsplassar.
– Eg har fleire moglegheiter. No er eg både på Gnisten og i Bufellesskapet. Det er variert og gøy å sjå kor forskjellig dei jobbar og har det.
Denne variasjonen gir henne både innsikt og erfaringar ho tek med seg vidare.
Læring, tålmod og kommunikasjon
Lærlingtida har alt gitt henne god personleg og fagleg utvikling.
– Eg føler eg har utvikla meg, spesielt når det gjeld kommunikasjon. Det å jobbe med personar med funksjonsnedsetjingar krev tålmod, og den har eg utvikla mykje. Eg lærer raskt, og vil vere sjølvstendig når eg først har lært noko.
Kristine Thorsen Eikeland
Tryggleik og humor i kvardagen
For Marie er gode kollegaer avgjerande for at arbeidsdagane blir gode.
– Det betyr mykje, sidan me er der kvar dag. Ein treng å kjenne tryggleik og vite at dei er der for deg. Humor er òg viktig – det oppstår situasjonar som kan vere krevjande, og då må ein kunna snakka om det, og ha det litt kjekt saman.
No har Vindafjord kommune lyst ut læreplassar for 2026
Framtida: open – men med ei retning
Marie har ikkje landa heilt kvar ho ønskjer å jobbe – men noko peikar seg ut.
– Eg vil gjerne ha ein fast jobb. Eg trur kanskje heimesjukepleien passar best for meg. Der er ein meir fri, køyrer sjølv og drar heim til pasientane – i staden for å vere på institusjon.
Råd til ungdom: lær gjennom praksis
Når Marie snakkar om lærlingordninga, er ho klar i talen.
– Bli lærling. Du lærer mykje gjennom praksis, du får lønn, og du jobbar heile tida mot noko. Ein utviklar seg mykje.
No har Vindafjord kommune lyst ut læreplassar for 2026