No har me lyst ut læreplassar for 2026:
Lærling i barne- og ungdomsarbeidarfaget
Lærling i helsefaget
Helga Ur
Me er medlem hos Haugaland Opplæringskontor, og første kontakt skal vera til dei.
Haugland Opplæringskontor
Telefon: 91 35 92 66
E-post: post@iho.no
Adresse: Buavegen 72, 5584 Bjoa
Kontaktpersonar i Vindafjord kommune
Løn som lærling
Ved ei vanleg lærekontrakt vil løna som oftast bli utbetalt etter følgande regel:
- 30 % det første halvåret
- 40 % det andre halvåret
- 50 % det tredje halvåret
- 80 % det siste halvåret av læretida
Plikter for kommunen som lærebedrift
Vindafjord kommune er ei lærebedrift som er godkjent for å gi opplæring retta mot eit fagbrev. Kommunen tar på seg ei rekke plikter ved å teikna lærekontrakt med deg.
Kommunen skal
- laga ein plan for opplæring med utgangspunkt i læreplanen for faget som du får opplæring i. Planen skal vera ei konkret forklaring kva for arbeidsoppgåver du skal utføre i løpet av læretida, og når desse skal utførast.
- tilby deg eit godt arbeids- og læremiljø
- gi deg personleg støtte, instruksjon og rettleiing i faget
- ha eit system for planlegging, gjennomføring og vurdering av opplæringa som du får
- gjennomføra vurderingssamtalar med deg minst kvart halvår. Desse skal dokumenterast skriftleg jevnleg og vurdera resultatet av opplæringa du får
- utbetala løn som avtalt i lærekontrakten
- melda deg opp til fag- eller svenneprøve ved læretida sin slutt, og legga til rette for gjennomføring av prøven
Kommunen har faglege leiarar innan kvart fagområde som sørger for at du får den opplæringa og oppfølginga du har krav på. I tillegg får du tildelt rettleiarar som har den daglege oppfølginga av deg.
Vindafjord kommune er medlem i Haugaland Opplæringskontor. Opplæringskontoret har ansvar for å teikne lærekontrakt, følge med på opplæringa di og bidra til at den blir best mogleg. Det er opplæringskontoret som melder deg opp til fag- eller svenneprøven.
Plikter for deg som lærling
Som lærling har du plikt til
- å ta ansvar for eiga læring og bidra til at du får best mogleg utbytte av opplæringa
- å kjenna innhaldet i læreplanen for faget ditt
- å følga bedrifta sitt reglement
- å bidra best mogleg til produksjonen samtidig som du lærer faget
I tillegg må du dokumentera den opplæringa du får ved å bruka vårt digitale oppfølgingssystem - OLKWEB. OLKWEB er eit levande verktøy for å tilpassa det enkelte faget.
Lenker til læreplanar
Læreplan for helsearbeidarfaget
Læreplan barne- og ungdomsarbeidarfaget
Læreplan for kontor og administrasjonsfaget
Læreplan for institusjonskokkfaget