Møt lærlingane i Vindafjord kommune: – Eg har alltid likt å jobbe med menneske

Susanne Vormestrand Kro har funne både tryggleik, trivsel og retning i lærlingtida si i helsefagarbeidarfaget.  

Ho starta i august 2025, men allereie no kjenner ho på stor utvikling og meistring.

Valet om å utdanna seg innan helse var ingen tilfeldighet for Susanne. Etter vidaregåande tok ho tre friår og jobba i ulike stillingar i Bergen.

– Eg har jobba med mykje forskjellig, men alltid likt å jobba med menneske. Til slutt fann eg ut at det var dette som var rett for meg.

Ho fortel at lærlingordninga passa ekstra godt:

– Det er ein fin moglegheit utdanningsmessig, fordi du får jobba medan du utdannar deg. For mange er det godt å kunne tena litt samstundes. Og eg lærer veldig mykje av å vere i praksis.

Susanne Vormestrand inne på Vindafjordtunet - Klikk for stort bileteSusanne Vormestrand inne på Vindafjordtunet Kristine Thorsen Eikeland

Tilbake til Vindafjord

Etter fem år vekke – to i Haugesund og tre i Bergen – kjende Susanne at det var tid for å flytta heim.

– Eg trivdest godt vekke, men ville heim att. Då eg undersøkte moglegheitene i Vindafjord, var dei veldig opne og imøtekomande. Eg tok sjansen, og har hatt stor glede av det.

Varierte arbeidsdagar og rom for vekst

For Susanne er det mykje som gjer lærlingtida i kommunen verdifull.

– Ein får jobba svært variert, og det er mange stader ein kan vere. Det er både store og små einingar, og ulike typar bustader og institusjonar. Det gir mange gode moglegheiter.

Allereie på få månader har ho opplevd mykje læring.

– Eg har ikkje vore i løpet så lenge, men eg har lært enormt mykje på kort tid. Dei på arbeidsplassen har stolt mykje på meg, og eg har fått mykje ansvar. Det gir stor meistringsfølelse.

Ho jobbar 100 prosent og er derfor på jobb kvar dag, noko som bidreg til den raske utviklinga.

– Det er alltid noko nytt, og eg lærer heile tida. Eg gler meg til fortsetjinga.

Susanne Vormestrand utanfor Vindafjordtunet - Klikk for stort bilete Kristine Thorsen Eikeland

Betydninga av tryggleik og gode kollegaer

For Susanne spelar arbeidsmiljøet ei stor rolle i kvardagen.

– Det betyr mykje å ha det godt rundt seg, at me er gode venner, og at alle stiller opp for kvarandre. Det kan vere tøffe situasjonar, og då er det viktig å kunne snakka saman.

Ho peikar også på kor viktig det er å ha rom for å vere menneske:

– Alle gjer feil innimellom, og då er det viktig at me hjelper kvarandre, løfter kvarandre opp igjen og viser respekt. Det betyr mykje at ein kan vere seg sjølv på jobben.

Framtida etter fagprøven

Med fagbrevet i hand ser Susanne mange moglegheiter.

– Det er viktig med tanke på å kunne få fast jobb. Og fagbrevet opnar dørene vidare, enten ein vil studera vidare eller ikkje. Jobbmoglegheitene vil alltid vere der i dette faget.

Susanne Vormestrand utanfor Vindafjordtunet - Klikk for stort bilete Kristine Thorsen Eikeland

Råd til ungdom: Bli lærling

Susanne er tydeleg når ho blir spurt om kva råd ho vil gi til ungdom som vurderer lærlingløpet.

– Bli lærling! Du får lønn medan du utdannar deg, og kanskje råd til å flytta for deg sjølv eller spara pengar. For dei som synest skule er tungt, kan lærlingtida vere ein veldig god veg. Du lærer gjennom å jobbe, og det gir meistring.