Tilkomst og parkering
Ta av frå E 134 i Isvik mot Vikebygd. Etter om lag 2 kilometer tar du av til venstre på Fylkesveg 735 mot Haraldseidvågen. Parkering i vegkrysset i Haraldseidvågen. Turstien startar ved gjerdeklyvar på motsatt side av vegen.
Om turen
Opphavleg gjekk sjølve eidet over dyrka mark. Dette let seg ikkje kombinere med tursti. Derfor er turstien lagt oppi fjellet bak og langs eidet, kor du har utsikt over eidet. Det er merka sti frå Harldseidvågen og vidare ned til Fylkesveg 735 igjen som ein rundtur.
Om lag 100 meter etter stistart kan du ta ein avstikkar til venstre skilta kulturminne. Ved enden av denne avstikkaren vil du finna det ein trur er ein velta bautastein på bakken. Der er og blitt fortalt av arkeologar at sjøen gjekk om lag hit opp til bautasteinen. Du kan også sjå tydelege vegar eller renner i marka ved bautasteinen.
For å gå opp til Haraldseid, går du tilbake til merka sti og følgjer skilting til Haraldseid. Følg stien gjennom beite, langs eit gjerde, over ein gjerdeklyvar og til stiskille og traktorveg mot Anndalsvatnet. Gå rett fram på traktorveg og langs dyrka mark til «vegkryss» mot Anndal skule. Ta til venstre og følg merka sti gjennom beite og opp i høgda.
Oppe ved Stora Skjenå, kan du sjå ei gamal skyttargrav frå krigen yst på tuppen av fjellet. Sjå skilting. Fortsett på merka sti ut mot Haraldseid, kor der er ei besøksbok og postkasse. Ute ved Haraldseidskiltet har du god utsikt ned mot Haraldseidvågen og Ålfjorden, og over eidet mot Isvik og Kalstveit ved Skjoldafjorden.
Frå Haraldseid-skiltet kan du gå ein rundtur på merka sti vidare gjennom beite ned til gardane på Haraldseid. Der beitet sluttar er det gjerdeklyvar, og du går vidare på gardsvegen ned mot Fylkesveg 735. Følg denne tilbake til parkering i Haraldseidvågen.
Turen kan fint kombinerast med tur rundt Anndalsvatnet.
Ta omsyn til beitedyr, og hugs bandtvang i sommarhalvåret.
Terreng
Beitemark, traktorvegar, sti og noko myrete enkelte plassar. Ha godt fottøy.
Tidsbruk
Om lag 1,5 - 2 timar rundtur.
Vanskegrad
Turkart (PDF, 2 MB)
Digitalt kart
Kva er eit dragseid?
Eit dragseid er eit stykke land mellom to fjordarmar der det høver seg å dra båtane over.
Mange stader finn ein namn med endinga -eid i seg, til dømes Sandeid, Haraldseid og Titlereid.
Om draget har gått i myrlendt terreng, finn ein moglege lunner eller «kalvar» i myra som båtane vart drege over.
Kjelde: Jørn Løset
Kven brukte eida?
Eida vart brukt av vikingar som ville spara tid for å overaska fienden, eller koma seg tryggare fram. Me veit også at romanifolket til heilt ut på 1940-talet drog båtane sine frå Haraldseidvågen til Isvik. Slik unngjekk dei den farefulle ferda over Sletta.
4. juni 2010 vart Olderfarbåten dregen over same eidet.
Dragseid vart nytta over heile landet. Blant anna veit me at det vart drege båtar mellom Randsfjorden og over til Mjøsa i sein vikingtid.
Kjelde: Jørn Løset
Meir utfyllande informasjon (PDF, 228 kB)