Velkomen til Vadhytta!

Vadhytta er Vindafjord kommune si dagsturhytte. Du kjem deg til Kolbeinshauglia både frå Ølensvåg og Bjoa.

 

Veg og gangbru over elva med Vadhytta i bakgrunnen. - Klikk for stort bilete Berit Hetland

Namnet blei Vadhytta fordi hytta ligg like ved eit vad (vadestad), som betyr ein stad der ein kan vada eller vassa over elv eller bekk.

Hytta har har høg grad av tilgjenge med universell utforming både med tilkomstveg, sjølve dagsturhytta og toalettfasilitetar.

Frå Bjoa tar det om lag 20 minuttar å gå inn. Frå Ølensvåg om lag ein time frå starten av Duelandsvegen.

Både frå Bjoa (2,8 kilometer tur/retur) og Ølensvåg (7,3 kilometer tur/retur) er det god grusveg. Frå Bjoa går turvegen i lett terreng, og vegen er også eigna for sykkel, barnevogn og rullestol. Frå Ølensvåg er det eit bratt stykke i starten, men det flatar ut på toppen.

Tilkomst og parkering

Frå Bjoa: Ta av frå Bjoavegen ved skiltet til Dalen og følg Eikåsvegen nesten til endes. Like før brua i Eikås, tar du av til venstre og følger skogsbilvegen opp til parkeringsplass. Herfrå er det skilta til Vadhytta.

Frå Ølensvåg: Ta av frå E 134 og inn på Bjoavegen. Etter om lag 300 meter tar du av til venstre og følger Duelandsvegen til parkeringsplass. Du kan også parkera nede ved Bjoavegen der du tar av til Duelandsvegen.

Aktiv fritid for alle

Målet med dagsturhytta er aktiv fritid for alle. Tilkomstveg og sjølve hytta med toalettfasilitetar er universelt utforma. Dagsturhytta skal kunna nåast av flest mogleg, uavhengig av helse og kondisjon. Samstundes skal det vera eit attraktivt turmål å besøka fleire gonger, også for røynde turgåarar.

I Vadhytta finn du finn også eit minibibliotek som blir drifta av Vindafjord bibliotek.

Publikumsrekord på opninga av dagsturhytta i Vindafjord

Kontaktinformasjon

Profilbilde av Norunn Helland
Norunn Helland
Rådgjevar kultur og idrett
Kultur og læring
E-post
Telefon 53 65 65 63
Mobil 47 46 97 59
Profilbilde av Ane Kesia Eide Fatland
Ane Kesia Eide Fatland
Einingsleiar
Kultur og læring
Vindafjord kommune
E-post
Telefon 48 09 92 51
Mobil 48 09 92 51