Postvegen Ølen til Etne
Dette er del av den gamle postvegen som gjekk mellom Bergen og Stavanger. I vår kommune gjekk den frå Etne over Fikse til Ølen, og derfrå vidare gjennom Eiodalen til Sandeid.
Vegtraseen mellom Etne og Ølen er nå gjort tilgjengeleg med skilt og informasjonstavler for allmenn ferdsel. Ein god del av denne vegen er i bruk som bilveg i dag, og deler blir brukt som traktorveg for grunneigarane i området.
Kultursti og fornminne, Utbjoa
På Utbjoa er det eit uvanleg variert og interessant fornminnemiljø. Innanfor eit lite område nordvest for ferjekaien på Utbjoa finn du fire helleristningsfelt, to felt med skålgroper, fire båtopptrekk og fem gravrøyser.
Det er etablert ein kultursti med informasjonstavler i dette området. Området blir foreslått som omsynssone bevaring i kulturminneplanen.
Torvløer Helgeland,i Sandeid
Torvløer Gbr 18/3 på Helgeland Torvløene ligg på venstre side av vegen innover mot Fjellstøl ski- og friluftsanlegg.
Torvløene vart truleg bygde tidleg på 1800-talet, og blei nytta til å tørka og lagra torv som blei skoren i området for seinare å bli nytta til brensel.
Løene blei på restaurerte av Sandeid Bondelag på 1990-talet.
Husmannsplassen Bjørnstigen i Vikedal
Husmannsplass gbr 53/5. Husmannsplassen Bjørnstigen var ein plass under garden Roaldkvam, som ligg i enden av Fjellgardsvatnet. Bjørnstigen ligg tett innunder høge berg, og det budde folk der heilt frå 1600-talet og fram til 1906.
Huset i Bjørnstigen blei flytta ned til Ørnes i Vikedal i 1908. I 1989 blei det rive, lagra og restauret. Deretter blei det frakta tilbake til Bjørnstigen og reist opp att på dei gamle murane.
Seinare er også eldhuset restaurert. Fjøs og løe manglar, men murane er der og viser at denne delen var bygd saman med stovehuset. Steinhellene som kyrne stod på ligg på same staden den dag i dag.
Ørevikvegen i Imsland
Ørevikvegen mellom Imslandssjøen og Kvaløy er ein 1,5 kilometer lang restaurert vegstubb. Den var hovudveg og syner gamal riksvegstandard innover mot Ropeid og Sauda fram til 1960-talet.
Statens vegvesen rusta opp vegen på 1990-talet, og den går delvis langs bratte fjellskrentar og har fleire fine rasteplassar. Vegen er Statens vegvesen sin eigedom, men den er definert som kommunal veg. Vindafjord kommune har vedlikehaldet av den.
Kalvelandskverna i Skjold
Kalvelandskverna Gnr 155/1. Kalvelandskverna er bygd på 1800-talet i stein, og vart restaurert av Skjold og Vats Sogelag i 1989.
I tillegg til kverna er det også korntørke i bygget. Det er nå Ersland Bygdelag som er ansvarleg for drift og vedlikehald av kverna.
Plassabakeriet i Vikebygd
Gnr 329/2 Plassabakeriet blei bygd i 1842 av Georg Gautesen. Vikevik hadde landhandel og bøkkerverkstad i tillegg til bakeriet.
Etter oppstarten var bakeriet i drift i nøyaktig 100 år, til 1942, då det under krigen blei vanskeleg å få tak i mjøl. Bakeriet blei gjenopna i 1993 på den Europeiske Kulturminnedagen.