Glimt frå kunstvernissasjen på Sjøperlo – 3. juni 2025

Den 3. juni vart det arrangert kunstvernissasje på Sjøperlo. Utstillinga er resultatet av eit halvt års arbeid utført av vaksne deltakarar på Kunstverkstaden, eit tilbod i Vindafjord kulturskule. Dette er andre året på rad at den vaksne gruppa stiller ut.

Opninga starta med eit musikalsk innslag frå den talentfulle, unge pianisten David Hågensli og vart offisielt opna av kultursjef Ane Kesia Fatland.

Dei ni skapeglade deltakarane møtest annakvar tysdag for å jobbe med ulike teikne- og maleteknikkar. Kunstinstruktør Dorota Cieslar står for planlegginga av samlingane, som har variert innhald og spennande tema. Mange av deltakarane har kunstnarisk erfaring frå før, men det er òg plass til nybyrjarar.

Ein god og avslappande atmosfære, inspirasjon og kreativ utforsking pregar samlingane. Dette semesteret har deltakarane arbeidd med tema som portrett etter levande modell, landskap, dyr og abstrakte uttrykk. Målet er at kvar enkelt skal finne sitt personlege kunstnariske uttrykk og få høve til å utvikle seg vidare.

Det aller viktigaste er likevel å skape ein stad for fellesskap, der ein kan møtast og drive med kunst som bringer både helse og glede.