Parkering Olalia og Fjellstøl

Er du ofte på tur til Olalia-traktene og Fjellstøl-området? Då kan det svara seg å kjøpa årskort på parkering.

Fjellstøl ski- og friluftsanlegg

Stor og døgnopen parkeringsplass på Helgeland i Sandeid.

Døgnparkering kostar 50 kroner. Betaling enten med Vipps eller kontantar i konvolutt direkte i kasse på parkeringsbua ved innkøyring til anlegget. Det er info om betaling på parkeringsplassen.

Årskort kostar 400 kroner og kan kjøpast hos Sandeid Bensin eller på anlegget når kiosken i varmestova er open.
 

Olalia

Stor og døgnopen parkeringsplass på Opheim i Ølen.

Døgnparkering kostar 50 kroner. Kan betalast med SMS, app (Easypark) og Vipps. Det er info om betaling på parkeringsplassen.

Årskort kostar 500 kroner og gir ubegrensa parkering. Kortet kan du kjøpa hos Shell i Ølen.