Låna bøker

Alle som har gyldig lånekort har rett til å låna på biblioteket, og det er gratis å låna.

For å få låna bøker, lydbøker, tidsskrift og filmar, er det nokre enkle ting som må vera på plass først.

Lånekort

Alle som har fylt 6 år kan få eige lånekort. Før barn får lånekort, må ein av dei føresette godkjenna dette.

Lånarar over 15 år kan få nasjonalt lånekort som kan brukast i dei fleste norske bibliotek. For å få dette må du visa godkjent legitimasjon og godta reglementet.

Lånaren skal ha med lånekortet ved lån, og må gje melding om endring i namn og adresse.

Institusjonar og organisasjonar kan få lånekort registrert på ansvarsperson. På dette kortet kan det berre lånast materiale som er nødvendig for verksemda, ikkje private lån.

Fyll ut skjema for lånekort (PDF, 29 kB) og ta det med til biblioteket.

Du kan også senda det til Vindafjord bibliotek, Postboks 115, 5588 Ølen, eller legga det i ein av leveringskassane der du leverer bøker. Du får så tilsendt lånekort og PIN-kode.

Mappa mi

Ved å oppretta Mappa mi, kan du kan du mellom anna bestilla bøker på nett.

Mappa mi gjev deg også tilgang til å vera oppdatert på mange felt. Du må ha lokalt eller nasjonalt lånekort for å bli digital lånar.

Lånereglar

Her finn du informasjon om lånereglane

Innlevering

I tillegg til å levera inn bøker og filmar på biblioteket, kan du også levera på

  • Esso Skjold
  • Joker i Vikedal
  • Joker i Vikebygd
  • Shell i Knapphus
  • Shell i Sandeid
  • Matkroken i Kvaløy
  • Ølen senter. Innleveringsskapet står ved kaffimaskina rett ved inngangen til Extra. 

Transportordning

Vindafjord bibliotek er med i ei nasjonal transportordning mellom dei ulike biblioteka. Kvar tysdag og torsdag kjem det eigen transportør som har med seg bøker og anna materiell som er bestilt til våre lånarar.

Deretter tar transportøren med seg bøker som skal frå vårt bibliotek til lånarar andre stadar i landet. Det vil i praksis seia at du kan låna og levera bøker frå kva som helst bibliotek i landet.

Filial i Sandeid fengsel

I Sandeid fengsel er det ein liten bibliotekfilial som vert drifta av Vindafjord bibliotek. Driftskostnadane er fullfinansiert av Nasjonalbiblioteket.

Kontaktinformasjon

Vindafjord bibliotek
E-post
Telefon 53 65 58 60
Profilbilde av Silje Holden Birkeland
Silje Holden Birkeland
Avdelingsleiar
Kultur og læring
Vindafjord kommune
E-post
Telefon 46 74 54 81
Profilbilde av Ane Kesia Eide Fatland
Ane Kesia Eide Fatland
Einingsleiar
Kultur og læring
Vindafjord kommune
E-post
Telefon 48 09 92 51
Mobil 48 09 92 51