Lånereglar

Det er gratis å låna bøker på biblioteket. Alle som har gyldig lånekort har rett til å låna.

Lånetid og levering:

  • Bøker, lydbøker og dataspel: 4 veker
  • E-bøker: 3 veker
  • Tidsskrift: 2 veker
  • Språkkurs: 6 veker
  • Film og musikk: 1 veke

Det er høve til å fornya lånet inntil 2 gonger på bøker som ikkje er reserverte av andre. Lånetida kan som regel utvidast via Mappa mi på nett, på SMS eller ved å ta kontakt med biblioteket.

Lånekort

Alle som har fylt 6 år kan få eige lånekort. For å få lånekort, må alle over 15 år visa godkjent legitimasjon og godta reglementet. Før barn får lånekort, må ein av dei føresette godkjenna dette. Lånarar over 15 år kan få nasjonalt lånekort som kan brukast i dei fleste norske bibliotek.

Lånaren skal ha med lånekortet ved lån, og må gje melding om endring i namn og adresse. Ved tap av lånekort må lånaren betala eit gebyr på 25 kroner for å få nytt lånekort.

Institusjonar og organisasjonar kan få lånekort registrert på ein ansvarsperson. På dette kortet kan det berre lånast materiale som er naudsynt for verksemda, ikkje private lån.

Du kan også ta med ferdig utfylt skjema for lånekort (PDF, 29 kB) til biblioteket.

Film

Utlån av film følger tilrådd aldersgrense på kvar einskild film. Lånaren kan berre låna film med sitt eige lånekort. Lånetida er 1 veke. Du må behandla filmane forsiktig, og det er forbode å kopiera filmar.

Filmar kan ikkje lånast eller leigast ut vidare. Det er også forbode å visa dei offentleg. Meld frå til biblioteket dersom du finn feil ved filmane.

Avgrensing av  lån

Barn under 15 år kan ha inntil 10 media og vaksne inntil 20 media på heimlån om gongen.

Delar av samlingane er ikkje til utlån og kan berre bli nytta i biblioteket si opningstid.

Reservering

Lånaren kan gratis reservera utlånte media, og biblioteket gir melding når reserverte media kan hentast. Hentefrist er 1 veke.

Ved å venda deg til biblioteket får du lånarnummer og PIN-kode. Desse brukar du for å logga deg inn i «Mappa mi».

Her kan du på ein enkel måte bestilla bøker, filmar eller anna, for seinare å henta dei på biblioteket eller på ein av utlånsstasjonane for Bok i butikk. Hentefrist er 1 veke.

Lån frå andre bibliotek

Biblioteket låner gratis inn bøker og andre media frå andre bibliotek. Dette gjeld og media på andre språk. Eigarbiblioteket sine lånereglar gjeld. Studentar på heiltid som er knytt til studiestad med eige bibliotek, bør vende seg der.

Vindafjord bibliotek er med i ei nasjonal transportordning mellom dei ulike biblioteka. Det vil i praksis seia at du kan låna og levera bøker frå heile landet.

Kvar tysdag og torsdag kjem det eigen transportør som har med seg bøker og anna materiell som er bestilt til våre lånarar. Transportøren tar også med seg bøker som skal frå vårt bibliotek til lånarar andre stadar i landet.

Purring

Biblioteket sender ut purring på media som ikkje er levert til rett tid. Etter 3 purringar vert det sendt krav om erstatning. Du kan få varsel på SMS like før forfall på lån.

Satsar for erstatning blir fastsett i samband med budsjettvedtaket kvart år. Lånaren må betala vederlag for tapte eller skadde media etter biblioteket si vurdering.

For tida er purregebyra slik:

  • 1. purring 20 kroner
  • 2. purring 40 kroner
  • 3. purring 60 kroner 

Lånarar med over 100 kroner i uteståande gebyr eller rekningar, kan bli sperra for fleire lån til kravet er betalt.

Du kan mista retten til å låna for eit tidsrom som biblioteket bestemmer, dersom du ikkje følger lånereglane.

Barn under 15 år betalar ikkje purregebyr, men reglane om erstatning av tapt materiale gjeld.

Internett

Biblioteket tilbyr internettilgang i samsvar med Bibliotekloven §1 om lik tilgang til informasjon for alle, og er ikkje ansvarleg for innhaldet. Føresette er ansvarlege for barn sin bruk av internett på biblioteket.

Biblioteket har for tida 1 PC til bruk for publikum, samt seks nettbrett.

Søking på internett er gratis, men utskrifter kostar 3 kroner for svart/kvitt og 4 kroner for farge per side.

Dersom det er kø på bruk av internett, kan bruken bli avgrensa til 1 time per person per gong.

Det er ikkje lov å sjå på eller lasta ned stoff som bryt norsk lov. Det skal vera ro og orden, og ein må nytta høyretelefonar for lyd.

Du kan mista retten til å bruka PC dersom du bryt reglane. Biblioteket har tilbod om trådlaust nettverk.

E-bøker

Du kan låna e-bøker gjennom å lasta ned app-en Allbok til telefon eller nettbrett. Du kan også logga på Allbok via PC. Du treng lånekort og PIN-kode for å lese eller høyra e-bøker.

Du kan lasta ned 5 bøker om gongen. Lånetida er 3 veker. Bøkene blir automatisk innlevert ved forfall.

Her er det ingen purregebyr.

Personvern

Biblioteket sin personvernerklæring finn du her (PDF, 306 kB).

I tillegg tilrår me at du les artikkel om behandlingsansvarleg for nettstaden, og korleis du kjem i kontakt med vårt personvernombod. Artikkelen finn du her.

Kontaktinformasjon

Vindafjord bibliotek
E-post
Telefon 53 65 58 60