Støtte til rusførebyggande tiltak for ungdom: – Viktig innsats på viktige dagar

No kan lag og organisasjonar søka om tilskot til rusførebyggande arrangement for ungdom. 

Målet er å skapa trygge og inkluderande møteplassar – særleg på dagar der risikoen for rusbruk er høgare.

Me veit at gode aktivitetar og fellesskap kan vera med på å førebyggja rusbruk blant ungdom. Difor er det viktig å støtta tiltak som gjer ein forskjell.

Tenåringsgutt foran vegg - Klikk for stort bilete Pixabay

Søknadsordninga

Tilskotsordninga er open for fortløpande søknadar.

Midlane er avgrensa, og tildeling skjer etter ei skjønnsmessig vurdering. Søknad skjer via digitalt skjema, og tilskotet vert utbetalt etter at arrangementet er gjennomført.

Ordninga byggjer på retningslinjene for kulturltilskot, og du finn meir informasjon på kommunen si nettside:

Les meir og søk her

Skjema for søknad

Søknadsprosess

  • Søk via digitalt søknadsskjema, kan søkjast fortløpande
  • Søknadsfrist: fortløpande
  • Tilskot for rusførebyggande tiltak består av avgrensa midlar
  • Tilskotsordninga er basert på retningslinjer for kulturltilskot
  • Tildeling foretas ut i frå ei skjønnsmessig vurdering
  • Tilskotet vert utbetalt etter gjennomført arrangement

Rapportering og kontakt

Etter gjennomført arrangement skal mottakar sende ei kort oppsummering av korleis midlane er nytta til:
📧 kultur@vindafjord.kommune.no

Har du spørsmål? Ta kontakt med rådgjevar for kultur og idrett:
📞 47 46 97 59
📧 kultur@vindafjord.kommune.no