Søknad om kulturtilskot
Med kulturverksemd forstår ein dei aktivitetar som «det utvida kulturomgrepet» inneheld, og som kjem inn under følgande:
- Tradisjonelt kulturarbeid
- Barne- og ungdomsarbeid
- Idrett- og friluftsaktivitetar
Lag og organisasjonar som i tråd med retningslinjene driv førebyggande og aktiviserande arbeid for barn og unge til og med 20 år i Vindafjord kommune, er særleg kvalifiserte til tilskot. Tilskota har som formål å stimulera aktiviteten i laga.
Alle underavdelingar i lag og organisasjonar skal senda sine søknader gjennom hovudstyret.
Kommunen har rett til å undersøka om grunnlag for tilskot er til stades, og korleis løyvde midlar blir brukt.
Interkommunale lag og organisasjonar får tilskot redusert ved delingsbrøk etter tal kommunar dei er organisert i.
- Lag som berre har aktivitetar for vaksne. Laget kan søka om tilskot til prosjekt der målgruppa er barn og unge, og prosjekt som er knytt til kulturvern.
- Forsamlingshus som klubbhus, bedehus, samfunnshus vert ikkje rekna som ein organisasjon.
- Velforeiningar.
- Lag og organisasjonar som driv på forretningsmessig basis.
- Lag og organisasjonar som har til oppgåve å ivareta medlemmene sine yrkesmessige interesser, herunder aktivitetar knytt til bedrifter.
- Konfirmantførebuande grupper.
- Lag og organisasjonar som arbeider aksjonsprega, til dømes politiske aksjonar.
- Lag og organisasjonar som kan ventast å ha relativt kort levetid.
- Driftstilskot
- Leiartrening
- Investering
- Oppstartingstilskot
- Underskotsgaranti
- Nyskaping, særskilte kulturtiltak og prosjekt
- Festivalar
- Rusførebyggande enkelttiltak
Lag og organisasjonar som organiserer og driv kultur- og fritidsaktivitetar særleg for barn og unge til og med 20 år, kan søka om driftstilskot.
Laga må ha eit styre, vald av medlemmene på eit årsmøte eller tilsvarande.
Laga må ha minst 10 medlemmer i aldersgruppa barn og unge til og med 20 år frå Vindafjord. Søknadsfrist er 15. mars.
Idrettsråd, song og musikkråd og liknande råd eller utval samansett av fleire lag og organisasjonar, kan ikkje søka om ordinært driftstilskot, men få særskilde driftstilskot etter søknad og vurdering.
Inntil 5 prosent av driftsutgiftene året før, dersom desse er over 10.000 kroner.
Tildelinga blir gjort på grunnlag av rekneskap for føregåande år. Dersom behaldninga per 31.desember i driftsrekneskapen er dobbelt så stor som utgiftene, har laget ikkje rett til driftstilskot.
Det kan gjerast unnatak for lag og organisasjonar som viser særleg stor grad av aktivitet og engasjement for barn og unge. Dette må dokumenterast godt.
Idrettsrådet tar hand om tildeling av driftstilskot til idrettslag og skyttarlag. Årlege midlar på budsjettet til idrettsføremål vert tildelt gjennom idrettsrådet etter retningslinjer vedtekne av idrettsrådet. Idrettsrådet tildeler midlane ut frå dette:
- 4 prosent av driftsutgiftene for året før. Dersom dette utgjer meir enn driftstilskotet blir prosentsatsen redusert tilsvarande.
- Eventuelt resterande midlar etter punkt 1, begrensa oppover til 100.000 kroner, blir fordelt mellom laga som kostar og driv eigne anlegg eller skyttaranlegg.
- Dersom det er midlar til overs etter punkt 2 er tildelt, vil desse bli brukt under punkt 1.
Inntil 50 prosent av faktiske utgifter, maksimum 5.000 kroner totalt. Tildeling skjer på førehand og blir utbetalt etter innsending av rekneskap og kvitteringar.
Som eit utgangspunkt blir det gitt 1/3 av den totale kostnaden i tilskot, maksimum 15.000 kroner.
Ein kan søka om tilskot til oppstart av nye lag. Tilskot kan bli gjeve til nyskipingar innafor eksisterande aktivitet når desse skal drivast fast..
Tilskot blir avgrensa oppover til 5.000 kroner. Ved fastsetting av tilskotssum tek ein omsyn til aldersgrupper, kostnad ved aktivitet og behov.
Det kan søkast om underskotsgaranti ved arrangement med inntil 10 prosent av totale utgifter, i regelen maksimum 5.000 kroner.
Som utgangspunkt blir det gitt 1/3 av kostnad i tilskot, maksimum 25.000 kroner.
Døme er særskilde kulturkveldar, tiltak for særskilde grupper og intergrering.
Tiltak og arrangement som har som mål å ha økonomisk vinning, kjem utanom reglar for tilskot.
Det blir gjeve tilskot til festivalar som går over fleire dagar, og arrangement som fremmar næringsutvikling, kultur og idrett. Dagsarrangement som til dømes fiskefestivalar og bygdedagar, er ikkje med i ordninga.
Tilskot blir normalt gjeve dei tre første driftsåra for å bygga opp festivalen. Deretter blir det vurdert etter behov eller i høve til nye prosjekt, eller dersom kommunalt tilskot fører til eksterne tilskot.
Tilskotet skal normalt gå til oppbygging og utvikling av festivalen. I søknaden skal det gjerast greie for korleis dei kommunale midlane er tenkt brukt.
Tilskotet blir avgrensa til 50.000 kroner oppover og 10.000 kroner nedover. Det skal normalt ikkje overstiga 10 prosent av dei budsjetterte utgiftene første året, og deretter 10 prosent av dei rekneskapsmessige utgiftene frå året før. Rekneskap skal sendast inn.
Søknadsfrist er 15. mars.
Lag og organisasjonar kan søka om støtte til direkte rusførebyggande enkelttiltak av eventuelle restmidlar frå alkoholavgiftene. Aktuelle tiltak kan vera:
- Annonsering og stønad til opne, alternative tiltak som rettar seg mot unge mellom 15 og 18 år på typiske debutkveldar (til dømes 16. mai og nyttårsaftan).
- Stønad til unge styremedlemmer, leiarar eller liknande som reiser på kurs som handlar om rusførebygging i ungdomsmiljø.
- Enkelttiltak som har hovudaspekt som går på rusførebygging mellom unge og unge vaksne i regi av SLT-koordinator eller andre.
Søknader skal sendast på elektronisk skjema som du finn på heimesida.
Søknad om kulturtilskot
- Søknadene blir behandla administrativt av den rådmannen har delegert mynde.
- Dersom administrasjonen er i tvil om søknaden fyller krava for tilskot, blir søknaden lagt fram for formannskap for endeleg avgjerd.
- Avslag på søknader eller klager ved tildeling av tilskot kan ankast til utval drift, utvikling og kultur (DUK).
Med unnatak for driftstilskot blir tilskota utbetalt ved innsending av rekneskap med kopi av billag for totalkostnaden.
Frist for innsending av rekneskap for tilskot som er tildelt 1. halvår er 15. juli. For tilskot som er tildelt 2. halvår er fristen 30. november.
Dersom tilskotet ikkje blir tatt ut innan fristen, blir det delt ut på ny.
Dersom det er færre deltakarar på leiartrening og kurs enn oppsett i søknaden, skal tilskotet reduserast før utbetaling.
Dersom totalkostnad inkludert dugnad for utviklingsprosjekt, investeringar, arrangement blir lågare enn oppsett i søknaden, skal tilskotet reduserast med same prosent som totalkostnaden er redusert. Dette skal kulturadministrasjonen gjers før utbetaling.
Dugnadsarbeid kan prissettast til den verdi arbeidet er berekna til i kostnadsoverslaget.
Lokale aktivitetsmidlar (LAM) er ei grunnstøtte til medlemsbaserte lokale lag og foreiningar.
Midlane skal bidra til auka idrettsaktivitet, deltaking og det frivillige arbeidet. LAM er ei tilskotsordning frå Kulturdepartementet (KUD) spesifikt retta mot lokale lag og foreiningar som driv idrett og fysisk aktivitet for barn (6-12 år) og ungdom (13-19 år).
Det er idrettsråda som fordeler LAM til idrettslaga i sin kommune etter retningslinjer frå KUD og anbefalingar frå NIF. Tildelingskriteria lokalt vert fastsett på idrettsrådet sitt årsmøte. Tildelinga frå NIF til idrettsråd skjer frå medio august og fram til byrjinga av desember.
Her finn du retningslinjer og oversikt over kommunale tilskot, prisar og stipend. (PDF, 533 kB)