Prioriter vaksinering!

Målet er å gje alle innbyggarar over 18 år i Vindafjord kommune første dose i løpet av kort tid. Då må alle prioritera vaksinering, sjølv om det er sommarferie.

Vaksinedosar blir trekt opp. - Klikk for stort bileteI veke 28 startar ein med vaksinering av lærarar og barnehagetilsette. Ellen Marie Hagevik

Denne veka har heile 416 fått dose 1, og 29 har fått dose 2. Det betyr at 2.455 vindafjordingar er fullvaksinerte.

Vaksineringa i gruppe 10 (18-24 år og 40-44 år) pågår for fullt. I veke 28 startar ein med vaksinering av lærarar og barnehagetilsette.

– Me kjem berre til å ta kontakt med dei som bur utanfor kommunen, og dei som er født mellom 1982 og 1996. Alle andre skal ha fått tilgang i systemet, sjølv om dei ikkje har fått SMS. Det er sendt SMS til alle,  men me ser dessverre at dette sviktar av og til. Derfor oppmodar me folk til å prøva og bestilla time i Remin før dei tar kontakt med oss, seier Lene Skartland, helsesjukepleiar smittevern og vaksinekontor.

Gi beskjed før du svimar av

Fleire av personar i dei yngre årsklassane har blitt dårlege under vaksinering. Her er det ikkje snakk om at dei reagerer allergisk, men ein såkalla vasovagal reaksjon på heile situasjonen. Korleis det artar seg kan du lesa om her.

– Me ber om at dei som veit at dei blir dårlege av sprøyter og liknande gir oss beskjed på førehand, oppmodar Skartland.

Møt opp til tildelt time!

Det er også særs viktig at folk møter til timen dei ser sett opp på.

– Skjer det noko som gjer at du ikkje kjem, gi beskjed. Har du gløymt det og kjem på det seinare på dagen, ring. Då kan me ordna med ein time same dag, seier Skartland, og held fram:

– Me ber innstendig om at folk prioriterer vaksine sjølv om dei har ferie. Me ønskjer å gi heile befolkninga sin første dose i løpet av kort tid, men då er me avhengige av at alle prioriterer dette denne sommaren.

Har du spørsmål om koronavaksinering?

Alt om korona og vaksinering