Rustenesta

Kva tilbyr me?

  • Støtte, rettleiing og oppfølging av innbyggarar med rusutfordringar eller pårørande til desse.

Kven kan få tilbodet?

Rustenesta er eit tilbod for personar med rusproblematikk, som er over 18 år og busett i Vindafjord kommune eller oppheld seg her midlertidig.

Kva hjelp kan du få?

  • Samtalar
  • Oppfølging, støtte og hjelp i kvardagen.
  • Oppfølging i samband med innlegging/utskriving frå spesialisthelsetenesta eller rusinstitusjonar.
  • Rustenesta kan henvisa til tverrfagleg spesialisert behandling (TSB).
  • Bustadrettleiing
  • Dagaktivitetar
  • Det vil bli gjort ei vurdering av den enkelte sitt behov.

Målet for tilbodet

Målet for tilbodet er å legga til rette for tiltak for rusmeistring og vellukka rehabilitering med utgangspunkt i den einskilde person sine føresetnader, ønsker og mål. Gjennom motivering, råd, rettleiing og hjelpetiltak kan tenesta hjelpe den enkelte til å kome bort frå skadeleg bruk av alkohol og andre rusmiddel. På same måte skal familien og dei pårørande få råd, rettleiing og hjelp. Mellom anna ved rettleiingssenteret for pårørande.

Tilbodet skal vera prega av samarbeid, respekt, likeverd og medansvar. Det skal vera individuelt tilpassa, fagleg godt, og ha stor grad av brukarmedverknad.

Rustenesta samarbeidar med lege, NAV, bustadkontoret, heimetenesta, psykisk helse og spesialisthelsetenesta innan psykisk helse og rus.

Sjå også NAV sine sider om sosiale tenester.

Kva kostar det?

Det er ingen eigenandel.

Har du spørsmål, ta kontakt med oss 

Me er eit team av ruskonsulentar som har erfaring i frå rusarbeid. Det er ikkje naudsynt med tilvising for å få kontakt med oss. Rustenesta er eit ope tilbod der ein kan venda seg direkte til tenesta, via telefon eller skriftleg. Du kan også bli tilvist av fastlegen din, gjennom andre behandlingstiltak eller gjennom NAV.

Alle som søker vert kontakta innan 2 veker. Søkar får ei kartlegging av behov og omfang av tenesta.

Slik søker du helse- og omsorgstenester

Kontaktinformasjon

Karen Synnøve Skjold
Avdelingseiar
Rus og psykiatri
E-post
Mobil 97 96 94 26
 
Profilbilde av Tina Kvaløy
Tina Kvaløy
Einingsleiar
Rus og psykiatri
Vindafjord kommune
E-post
Mobil 95 05 90 91