Pårørande til personar med demens

Pårørande til personar med demens er ofte den viktigaste støtta deira,og mange har omfattande ansvar og omsorgsoppgåver for sine næraste. Helse- og omsorgstenesta i Vindafjord kommune skal legge til rette for godt samarbeid med pårørande, og gi tilbod om nødvendig støtte.

Pårørande er velkome til å ta kontakt for råd, rettleiing og informasjon.
Pårørande kan ta kontakt med: 

Hukommelsesteamet

Tilgjengeleg torsdag klokka 07.30 - 15.00

Tilbyr kartlegging, rettleiing og oppfølging ved mistanke om eller diagnose demens. 

Informasjon om Hukommelsesteamet

Tenestekontoret

Tilgjengeleg måndag - fredag klokka 08.00 - 15.30

Behandlar søknader om helse- og omsorgstenester og gir informasjon om tilbod i kommunen. 

Informasjon om Tenestekontoret

Følgjande sider kan vere nyttige for å få meir informasjon og søke hjelp: