Sjølvbusetting

Dimhou@Pixabay

Registrering

Nyankomne flyktningar som kjem rett til Vindafjord må melda seg for registrering på Nasjonalt ankomstsenter i Råde. Adresse: Mosseveien 58, 1640 Råde. Oppdatert informasjon vil alltid ligge på UDI sine nettsider

Ukrainske flyktningar må ta kontakt med Vindafjord kommune dersom dei har planar om å bli buande i kommunen. Helsestasjon må kontaktast på telefonnummer 99 52 99 06 for helsesjekk og tuberkuloseundersøking. Integreringstenesta må kontaktast for avtale om busetting og vidare oppfølging. 

Privat bustad

Ikkje alle flyktningar blir busett ved at IMDi tildeler kommune. Flyktningar kan sjølv finne bustad i Vindafjord og bli busett som flyktningar. Integreringstenesta må godkjenne bustaden og den som ynskjer busetting må senda inn søknad til IMDi. 

Busetting av flyktningar som finn bustad på eigahand

Registrering hos IMDi for privatbuande

Ta kontakt med integreringstenesta

Når du har fått opphaldsløyve frå UDI og har ein stad å bu, kan du ta kontakt med integreringstenesta for at kommunen og IMDi skal laga avtale om sjølvbusetting.

Du må oppgi DUF-nummeret ditt og levera husleigekontrakt til integreringstenesta ved Nav Vindafjord-Etne. 

Lever i servicetorget på rådhuset eller send som brev til Nav Vindafjord-Etne, Postboks 1, 5588 Ølen.