Krisereaksjonar og ivaretaking av barn

Krig og katastrofar er skremmande for både barn og vaksne. Samtalane om det ein fryktar kan vere vanskelege, men er også svært viktige. 

Nature_Design@Pixabay

Snakk med barn og unge om det dei er redde for

Barn får med seg svært mykje av det dei vaksne snakkar om og er redde for. Krigen i Ukraina påverkar også kvardagen og tryggleiken til norske barn. Det kan vere vanskeleg å finna dei rette orda når ein sjølv føler seg utrygg. Her finn du lenker til gode sider med tips til korleis du kan snakke med barn om krigen. 

Redd Barna sine tips for korleis du kan snakke med barn om krig. 

Snakk med barn og unge om det dei fryktar

Krisereaksjonar og meistring

Fleire av dei ukrainske flyktningane som kjem til Noreg har opplevd skremmande ting som påverkar den mentale helsa. Det å måtta flykta frå hus og heim er i seg sjølv ei stor påkjenning. 

RVTS Øst har i samarbeid med Norsk psykologforening oversett informasjonsmateriell om krisereaksjonar og ivaretaking av barn. Tekstane rettar seg mot flyktningar og berørte familiar. Materiellet kan brukast fritt av helsepersonell og andre som ein del av oppfølgings- og informasjonsarbeidet.

Krisereaksjonar og meistring (PDF, 117 kB)

Реакції та подолання кризових ситуцій (krisereaksjonar og mestring på ukrainsk) (PDF, 93 kB)

How to support children during crisis (PDF, 124 kB)

Як допомогти дітям у кризовій ситуації (how to support children during crisis - in ukrainian) (PDF, 104 kB)