Kjæledyr frå Ukraina

Mattilsynet må registrera og kontrollera alle dyr som kjem til Noreg med ukrainske flyktningar. 

3557203@Pixabay

Undersøkinga vert gjort for å minimera risikoen for spreiing av dødelege sjukdommar, som rabies, til menneske og dyr her til lands. 

Mattilsynet ber om at alle som tar imot ukrainske flyktningar med dyr, forsikrar seg om at dyra er registrerte og kontrollerte av Mattilsynet. Dersom kjæledyra ikkje har blitt kontrollert ved grensepassering, er det svært viktig at kommunane, medhjelparane eller eigarane av kjæledyret umiddelbart tar kontakt med Mattilsynet på telefon 22 40 00 00.

Informasjon frå Mattilsynet om kjæledyr frå Ukraina

Plakat med QR-kode for registrering av kjæledyr