Helsestasjon 0 - 5 år

Kva tilbyr me?

  • Svangeskapsomsorg
  • Jordmor
  • Heimebesøk
  • Kontrollar med helsesjukepleiar, lege og fysioterapeut
  • Vaksinasjon ut frå Det norske vaksinasjonsprogrammet
  • Rettleiing om kost, søvn, motorikk, trivsel, språk, vekst og utvikling
  • Rettleiing om samspel og spørsmål knytta til foreldrerolla
  • Rettleiing til nytilflytta, også flyktningar og andre innvandrarar.
  • Open helsestasjon kvar torsdag frå klokka 13.00-15.00. Fysioterapeut er med siste torsdag i månaden

Følg oss gjerne på Facebook

Har du fått barn? Velkomen til helsestasjonen!

Å koma heim frå sjukehuset med eit nyfødt barn er ein stor omvelting i livet. Ein god start forutset fredelege og kjærlege omgjevnader. Difor har me samla nokre tips og råd til deg og den nyfødte.

Kvar torsdag frå klokka 13.00-15.00 har me open helsestasjon. Då kan du koma og vega barnet ditt og snakka med helsesjukepleiar. Me har også fysioterapeut til stades to gonger i månaden.

Kva skjer på helsestasjonen?

Den første kontakten de har med helsestasjonen er når me kjem på heimebesøk. Då sjekkar me om barnet ditt har lagt nok på seg, og hjelper deg med å finna riktig ammeteknikk. Om du gir barnet ditt flaske, gir me deg tips og råd om det.

Neste gong me treffest er når de kjem på kontroll på helsestasjonen. Der følgjer me med på barnet si utvikling og vaksinerer. Er det noko du lurer på, gler deg over eller som bekymrar deg, er det berre å spørra, og del det gjerne med oss. Ingen spørsmål er dumme eller rare.

Her finn du oversikt over barnevaksinasjonsprogrammet.

Konsultasjonar ved helsestasjonen

Konsultasjonar ved helsestasjonen
Alder Kven treff du? Vaksiner
Nyfødt Heimebesøk av jordmor og helsesjukepleiar
1 månad Helsesjukepleiar og jordmor
6 veker Helsesjukepleiar og lege Vaksinasjon jamfør retningslinjer
3 månader Helsesjukepleiar Vaksinasjon jamfør retningslinjer
4 månader Helsesjukepleiar og fysioterapeut
5 månader Helsesjukepleiar Vaksinasjon jamfør retningslinjer
6 månader Helsesjukepleiar og lege
8 månader Helsesjukepleiar
10 månader Helsesjukepleiar
12 månader Helsesjukepleiar og lege Vaksinasjon jamfør retningslinjer
15 månader Helsesjukepleiar Vaksinasjon jamfør retningslinjer
2,3 år Helsesjukepleiar og lege
4 år Helsesjukepleiar

 

Sjekkliste for babyen

Når de kjem heim frå sjukehuset, er det mange ting ein må hugsa på. Her er ei sjekkliste med nokre av de viktigaste punkta

Sjekkliste for det nyfødte barnet

Amming, flasker og såre bryst

Kor mykje og kva skal babyen eta? Får babyen nok mjølk? Kva gjer eg om eg får brystbetennelse?

Me anbefal ammehjelpen.no for tips og råd om amming.

Gjer du morsmjølkerstatning, kan du sjå anbefalingar og råd om det her.

Mat og måltider for spedbarn

Her kan du lesa om mat, måltider og introduksjon av fast føde. Brosjyren kan du laste ned på mange ulike språk.

Food and meals for orphants
In this brochure you can read about food, meals and introduction to solid food. The brochure can be downloaded in many languages.

Korleis har du det?

Å få barn er noko av det største som kan skje i livet. Samstundes er det ikkje uvanleg å få angst, bli nedstemt eller deprimert i tida etter fødselen. Snakk med oss om du har tankar om at ting ikkje berre er greitt. Du er ikkje åleine om ha slike kjensler og tankar.

Les meir om fødselsdepresjon og angst her.

Barn og påkledning

Er han for varm? Er ho for kald? er spørsmål du kjem til å stilla deg sjølv mange gonger i tida framover. Spedbarn regulerer temperaturendringar dårleg. Dei kan raskt bli for kalde eller overoppheita. Sjå guide for påkledning her.

Reise med barn

Skal du ut å reisa kan det vera lurt å sjekka ut om du og barna har behov for ekstra vaksiner. Du kan ta kontakt med reisevaksinasjonskontoret vårt på mobil  99 57 09 68.

Sjekk også ut denne sida om reisevaksine.

Av-og-til

Vindafjord kommune er ein av-og-til-kommune. Av-og-til er ein alkovettorganisasjon. Dei set fokus på situasjonar der alkohol utgjer ein særleg risiko, eller kan vera til ulempe for andre.

Av-og-til arbeider med å bidra til å redusera dei negative følgjene av alkoholforbruk i samfunnet og gjera kvardagen tryggare for alle. Helsestasjonen oppfordrar alle med barn om å tenka på kva alkoholforbruk ein ønskjer i familien og ta stilling til dette temaet  Av-og-til

Når barnet får feber, utslett eller andre ting

«Gode råd»-serien er 21 brosjyrer med informasjon til gravide og sped- og småbarnsforeldre. Alt frå kva du skal gjera om barnet ditt får feber, utslett, har kolikk og mykje meir.

Om ulukka er ute

På Giftinformasjonen finn du gode tips og råd om barnet ditt får stikk, eter planter eller får i seg medisiner og andre ting.

Giftinformasjonen har beredskap heile døgnet. Det kan vera lurt å ha telefonnummeret lagra på telefonen. Nummeret er 22 59 13 00.

Andre nyttige sider for deg og babyen din

Førebygga ulukker

Helsenorge – etter fødsel, nybakt mamma

Trygg Trafikk

Matportalen

Barn sitt miljø og tryggleik – seks ulike brosjyrer. These brochures can be downloaded in different languages.

Kontaktinformasjon

Adresse: Helsestasjonen, Rådhusplassen 1, 5580 Ølen.

Tilsette ved helsestasjonen
Stilling Namn Telefon Mobil
Avdelingsleiar Anne-Beate Økland 53 65 55 60 47 65 06 40
Fagansvarleg helsesjukepleiar helsestasjon og helsestasjon for ungdom (HFU) Hilde Bjerkreim 53 65 55 81 99 57 09 69
Fagansvarleg helsesjukepleiar skulehelseteneste Stine Hamre 53 65 60 23 48 26 58 98
Jordmor (mån-tys-ons-fre) Wenche S. Hauge 53 65 56 18 90 26 49 05
Helsestasjonslege (2. kvar fredag) Trine L. Stokkan
Helsestasjonslege (2. kvar fredag) Elin H. Vågen 53 65 55 00
Helsestasjonslege (torsdag) Iris K. Håheim 53 65 55 00
Helsesjukepleiar Bjørg A. Stokland 53 65 55 80 97 67 48 39
Helsesjukepleiar Jane Austrheim 53 65 55 73 99 57 09 68
Helsesjukepleiar Natalie Hellerslien 53 65 55 80 48 26 44 29
Helsesjukepleiar Snefrid Trondsen 53 65 55 65 48 89 09 28
Konstituert helsesjukepleiar Malene R. Vestbø 53 65 55 60 90 72 20 59
Konstituert helsesjukepleiar vaksinekontor Lene Skartland 53 65 55 71 99 57 09 68
Konstituert helsesjukepleiar smittevern Anne-Beate Økland 53 65 55 60 47 65 06 40