Vaksinekontor

Vaksinekontoret held til i Rådhusplassen 32 på baksida av Ølen omsorgssenter (gamle legevakta).

Kva kan me hjelpa deg med?

  • Reisemedisinsk rådgiving og vaksinasjon til reisande
  • Vaksiner ved manglar i barnevaksinasjonsprogrammet
  • Vaksiner etter gjeldande nasjonale anbefalingar
  • Influensavaksine og koronavaksine
  • Yrkesvaksinering

Ta kontakt i god tid før reise

Det er anbefalt å ta kontakt i god tid før reisa, gjerne 6 månadar før planlagt reisedato. Nokre vaksiner treng to dosar for å oppnå god immunitet.

Det er også viktig med påfyll av vaksina Boostrix-polio kvart 10. år. Dette er ei vaksine som beskytter mot sjukdommane stivkrampe, kikhoste, difteri og polio.

Det vert ved konsultasjonen gitt råd om korleis ein skal førebygga sjukdom, og kva ein skal gjera når ein vore sjuk i utlandet.

Sjekk reisemål og tidlegare vaksinar

Nettlenke til FHI: Smittevernråd ved reiser

Informasjon frå Folkehelseinsituttet om vaksiner,  samt generelle råd for ei god og trygg reise.

Du kan sjølv sjekka kva vaksinar du har fått tidligare på Mine vaksiner.

Reisevaksiner og andre vaksiner du har fått som vaksen, er registrert frå 2011, og barnevaksinar på helsestasjon frå 1995.

Reiseklar app

«Reiseklar» er Utenriksdepartementets reiseinformasjon, reiseråd og reiseregistrering tilgjengeleg i ein app.

Utenriksdepartementet

Sesonginfluensa og vaksenvaksinasjonsprogrammet 2025:

Les meir her

Bestill time her

Yrkesvaksinering

Forutan vaksinering hos oss kan vi også tilby vaksinering ute i bedrifter. Dette gjeld også influensavaksine. Ta kontakt for nærare avtale.

Nettlenke til FHI om yrkesvaksinasjon

Vaksinering mot hjernehinnetennelse

Det er tilbod om dette i dei vidaregåande skulane i kommunen årleg. Viss du ikkje har fått tilbod, eller ikkje går på vidaregåande skule kan du ta direkte kontakt med vaksinekontoret viss du ynskjer vaksina Nimenrix og/eller Bexsero.

Les meir om vaksine mot hjernehinnebetennelse

Vaksinering mot apekoppar

Vindafjord kommune samarbeidar med Revmatismesykehuset i Haugesund om vaksinering mot mpox (apekoppar). 

Nettlenke: Vaksinering mot mpox (apekoppar)

Anbefalte vaksiner for vaksne

Nettlenke til Folkehelseinstituttet om anbefalte vaksiner

 

Prisliste for Vindafjord vaksinekontor

Prisliste for Vindafjord vaksinekontor
Type konsultasjonPris
Konsultasjon honorar per stykk250
2. og 3. konsultasjon, pris per gong150
Utskrift av vaksinekort150
Attest fritak gulfebervaksine150
Ikkje møtt - gebyr250
Oppmøte på arbeidsplass (inkl. konsultasjon)4000
* Alle vaksiner inkluderar administrasjonsgebyr

Vaksineliste med pris

Vaksineliste med pris
Namn vaksineSjukdommarPris
*Prisane gjeld frå 01.09.25
Boostrix-polioDifteri, stivkrampe, kikhoste, polio410
ImovaxPolio300
Twinrix adultHepatitt A og B760
Twinrix paediatricHepatitt A og B600
Engerix B voksenHepatitt B450
Engerix B barnHepatitt B400
Havrix AdultHepatitt A600
Havrix (born)Hepatitt A, en pakning480
StamarilGulfeber790
Dukoral 1 doseKolera600
Dukoral 2 dosarKolera1030
MalariatablettarMalaria230
Malarone juniorMalaria180
NimenrixMeningokokk ACWY540
BexseroMeningokokk B1150
CervarixHPV( 16 og 18)1510
Gardasil 9HPV (6,11,16,18,31,33,45,52,58) + kjønnsvorter1770
TyphimTyfoidfeber350
VivotifTyfoidfeber390
BCGTuberkuloseKun kons. honorar
MMR vaxProMeslinger, kusma, røde hunderKun kons. honorar
AbrysvoRs-virus2500
IxiaroJapansk encefalitt1380
QdengaDenguefeber1320
RabipurRabies960
Ticovac Skogflått encefalitt520
Ticovac juniorSkogflått encefalitt500
VarivaxVannkopper760
VarilrixVannkopper610
ShingrixHelvetesild2400
PneumovaxPneumokokk520
SesonginfluensaSesonginfluensa
TetravacDifteri, Stivkrampe, kikhoste, polio basisvaksinering420

Kontaktinformasjon

Vaksinekontor
Mobil 91 30 38 42

Måndag, tysdag, onsdag og torsdag.
Telefontid klokka 09.00-12.00.

E-post: vaksinekontor@vindafjord.kommune.no