Psykologspesialist Cecilie Thorsen
Nils Erik Eide
Ei LRBU arbeidsgruppe beståande av PÅl Askvig, Ane Kesia E. Fatland, Maren T. Hustoft og Kristine H. Strand (politikontakt), organiserte denne leiardagen for leiarar og avdelingsleiarar som jobbar med barn og unge. Ein slik leiardag blir arrangert to gonger i året der ein rullerar på kven som får ansvar for organisering og program for denne viktige dagen.
Dagen var variert med teori og refleksjonsoppgåver i grupper.
Nils Erik Eide
Denne gong hadde gruppa fått klarering frå styringsgruppa LRBU til å leige inn psykologekspert Cecilie Thorsen til å lose oss gjennom dagen med tema kunsten å rigga seg robust som leiar - og rigga robuste team.
Dei som var på denne kursdagen fekk meir innsikt i korleis leiarar kan forstå og forebygge eige stress. Thorsen presenterte også nyare stressforsking der ein fekk betre forståing for stressmekanismar og korleis ein kan forebygge og handtera ulike formar for stress. Dette var veldig relevant for leiarar på alle nivå og med overføringsverdi til dei ein leiar.
Cecilie Thorsen fekk fram gode refleksjonar og tankar med sitt foredrag
Nils Erik Eide
Team treng å kunne samarbeide godt, og på tvers. Her gav Cecilie Thorsen oss Innsikt i korleis ein kan bygge sunne normer i team med psykologisk tryggleik.
Det var ein nyttig og lærerik dag med fagleg påfyll der ein fekk moglegheit for refleksjon og erfaringsutveksling i grupper. I julegave fekk leiarane praktiske verktøy som blir nyttige for våre leiarar i LRBU og deira ulike team.
Her takkar Ane Kesia E. Fatland, på vegne av arbeidsgruppa, Cecilie Thorsen med ei gåve frå Gnisten.
Nils Erik Eide
Les meir om tidligare LRBU samlingar her
Laget Rundt Barn og Unge (02.02.23)
Fag- og ressursdag for barn og unge (18.09.23)
BTI lag! (10.12.23)