Kommmuneoverlegen si oppsummering for oktober

Koronaepidemien er på ingen måte over. Smitten er blant oss, men med god vaksinedekning vil me i større grad vera verna mot vidare smitte og alvorleg sjukdom.

Kommuneoverlege Terje Kleiven - Klikk for stort bileteSiste månad har om lag 30 vindafjordingar i aldersgruppa 6-60 år testa positivt. Både kommuneoverlege og smittevernlege ser med stor uro på utviklinga, skriv Terje Kleiven i oppsummeringa for oktober. Ellen Marie Hagevik

Dei siste dagane har smitten auka i kommunen. Om lag halvparten av dei smitta er uvaksinerte.

Barna er framleis uvaksinerte, og 10-15 prosent av dei vaksne er heller ikkje vaksinerte. Dette gjer at me kan få lokale utbrot slik me ser det i desse dagar. Den siste månaden har om lag 30 vindafjordingar i aldersgruppa 6-60 år testa positivt.

Blant dei uvaksinerte har mange alvorlege og sterke symptom, men ingen av våre innbyggarar er førebels innlagt på sjukehus. Dette er ikkje innreisesmitte. Både kommuneoverlege og smittevernlege ser med stor uro på utviklinga.

Forsterka råd og tiltak

Me har smitte både blant vaksinerte og uvaksinerte. Me greier ikkje å få oversikt over alle smittevegar. Det vert heller ikkje drive omfattande smittesporing lengre i tråd med Folkehelseinstituttet sine retningslinjer.

Me har innført noko forsterka råd og tiltak ved smitte i kommunen. Sjå kommunen si nettside.

Hovudbodskapen er framleis at me skal følga enkle smittevernreglar som å halde avstand i sosiale samanhengar, sprita hender og ikkje minst halda oss heime når me har teikn på infeksjonar.

I tillegg bør dei som enno ikkje har vaksinert seg vurdera på ny om ikkje det er hensiktsmessig å gjera det. Tilsette som arbeider med sjuke og sårbare grupper vert særskilt oppmoda om å vaksinera seg. Det same gjeld tilsette som jobbar med barn i aldersgruppene som ikkje er vaksinerte.

Viktig å testa seg med eigentest

Både influensaliknande sjukdom, forkjøling og mage-tarminfeksjonar er virusinfeksjonar som går blant vindafjordingane i desse dagar. Det er viktig at ein testar seg med eigentest for covid-19. Testar får ein ved testkontoret. Alle med positive testar må kontakta testkontoret i Ølen.

Luftvegsinfeksjonar som skuldast forkjølingsvirus og influensaliknande virus har ein tendens til å dra ut i tid, og mange går med symptom i 2-3 veker. Enkle restsymptom som snue og tørrhoste er ikkje til hinder for å vera på skule eller jobb når eigentest mot covid-19 er negativ.

Influensavaksine til risikogrupper

Influensaen er ikkje komen til kommunen, men me er godt i gang med vaksinering frå neste veke. Alle i risikogruppene kan bestilla time for vaksine på kommunen si nettside. Risikogrupper er:

  • Dei som bur i omsorgsbustadar og på sjukeheim.
  • Alle frå fylte 65 år.
  • Gravide etter 12. svangerskapsveke (2. og 3. trimester). Gravide i første trimester med annan tilleggsrisiko (kronisk sjukdom).

Barn og vaksne med

  • diabetes type 1 og diabetes type 2.
  • kronisk lungesjukdom, hjarte- og karsjukdom, leversvikt eller nyresvikt.
  • kronisk nevrologisk sjukdom eller skade (som til dømes epilepsi og hjerneslag)
  • nedsett immunforsvar anten på grunn av sjukdom eller på grunn av behandling som svekkar immunforsvaret.
  • svært alvorleg fedme (KMI over 40).
  • annan alvorleg eller kronisk sjukdom som legen din meiner kan gjera deg ekstra utsett ved influensa.

Oppsummert blir oppmodinga nå at ein nøye vurderer kontaktflata si, ein held seg heime når ein er sjuk, hurtigtestar seg ved symptom og føl enkle smittvernråd som vasking og spriting av hender og held avstand i sosiale samanhengar.

Terje Kleiven,
kommuneoverlege