Går over til grønt nivå måndag

Smittesituasjonen har stabilisert seg i Vindafjord, og frå neste veke er skular og barnehagar tilbake på grønt nivå. Dei fleste andre råd og tiltak vert vidareførte.

Det er framleis smitte i omløp, men smittesituasjonen er stabil. Helsetenesta har kapasitet, og situasjonen er handterleg.

Frå og med måndag 22. november går skular og barnehagar over til grønt nivå.

Dei fleste andre råd og tiltak blir vidareførte. 

Meld frå til testkontoret

Det er viktig at dei som får positivt resultat på hurtigtest straks informerer testkontoret og gjer ein avtale for PCR-test.

Testkontoret vil igjen informera skular og barnehagar dersom det er nærkontaktar involvert der.

Du når testkontoret på telefon 53 65 60 34 eller e-post korona@vindafjord.kommune.no.