Grensejustering mellom to eigedommar

  • For å retta opp ulaglege grenser mellom eigedommar, kan det utførast ei grensejustering.
  • Grensejustering er overføring av mindre areal mellom to eller fleire eigedommar som har felles grenselinje.
  • For overføring av større areal, sjå frådeling.
  • Grensejustering vil kreva oppmålingsforretning.

Kven kan søka?

Grensejustering kan søkast om av grunneigar, festar, advokat, kommune, fylkeskommune, stat eller andre som har fått fullmakt.

I dei tilfellene der eit firma er eigar av eigedommen eller har fullmakt, må det leggast ved firmaattest av nyare dato.

I tillegg kan den som gjennom rettskraftig dom er kjent som eigar til den delen av eigedommen som det er ønske om å overføre, søka.

Vilkår for gjennomføring av grensejustering

Arealet for dei involverte matrikkeleiningane kan aukast eller reduserast med maksimum 5 prosent av arealet til den minste av eiendommane som er involverte i grensejusteringa.

Maksimal endring er 500 kvadratmeter. Ein eigedom kan likevel ikkje avgi areal som i sum overstig 20 prosent av eigedommen sitt areal, før justeringa.

Verdien av overført areal kan ikkje vera over 1 G (grunnbeløpet i folketrygda)

Slik søker du

Søknadsskjema 

Kart eller målebrev som viser klart kva eigendommar som er berørt, samt kvar ny grense skal gå, må følga med. Kartutsnitt kan du ta ut på Fonnakart.

Det skal vera underskrift frå alle berørte heimelshavarar.

Send søknad til

Vindafjord kommune, Rådhusplassen 1, 5580 Ølen

eller postmottak@vindafjord.kommune.no

Saksbehandlingstid

Oppmålingsmyndigheitene har 16 vekers frist for å gjennomføra grensejustering når fullstendig rekvisisjon er mottatt.

Når det gjelder tidsfrist, stoppar tida opp dersom rekvirent må skaffa tilleggsopplysningar for at grensejusteringa skal kunna gjennomførast. Tida startar igjen når tilleggsinformasjonen er komen inn.

Kva kostar det?

Sjå Vindafjord kommune si gebyrliste.

Klage

Grensejusteringa kan påklagast av berørte partar. Det er 3 vekers klagefrist fra ein mottok matrikkelbrevet eller underretning jamfør §46 i matrikkellova.

Kontaktinformasjon

Profilbilde av Venke Helgesen
Venke Helgesen
Ingeniør
Areal og forvaltning
Vindafjord kommune
E-post
Telefon 90 85 82 13
Mobil 90 85 82 13
Profilbilde av Marianne Stople Rørtveit
Marianne Stople Rørtveit
Ingeniør
Areal og forvaltning
Vindafjord kommune
E-post
Telefon 90 80 92 26
Mobil 90 80 92 26
Profilbilde av Thomas Vestbø
Thomas Vestbø
Einingsleiar
Areal og forvaltning
Vindafjord kommune
E-post
Telefon 97 54 01 80
Mobil 97 54 01 80