Frådeling av eigedom

  • Ved oppretting av ny grunneigedom blir eit areal av ein eksisterande eigedom oppmålt og gitt eit eige matrikkelnummer (gnr/bnr - gardsnummer og bruksnummer).
  • Den nye eigedomen blir så ført i matrikkelen, tinglyst og registrert i eigedomskartet.
  • Dette gjeld også for oppretting av festetomter eller punktfeste.

Kven kan søka?

Søknad om deling kan gjerast av den som har grunnboksheimel (eigar) til eigedomen, festar av eigedomen, kommune, fylkeskommune, stat eller andre som har fullmakt frå ein av desse.

Slik søker du

Ved søknad om deling av eigedom skal du bruka søknadsskjema og rekvisisjon av oppmålingsforretning.

I tillegg skal følgande informasjon leggjast ved:

  • Kart som viser kor eigedomsgrensene til den nye eigedomen skal gå samt kva partar som vert berørt. Kartportalen Fonnakart kan brukast til dette.
  • Nabovarsel skal sendast berørte naboar saman med kart som viser eigedomsgrensene til den nye eigedomen.
  • Gjenpart av nabovarsel saman med kvittering for nabovarsel skal følga søknaden som blir sendt til kommunen.
  • Er oppretting av eigedomen i strid med reguleringsføremålet i anten reguleringsplan eller kommuneplan, må det også leggast ved eit følgebrev der du søker om dispensasjon frå gjeldande plan. Dispensasjonssøknaden må vera grunngitt med dei argumenta søkaren meiner er viktige.

Fullstendig søknad eller rekvisisjon skal sendast til

Vindafjord kommune, Rådhusplassen 1, 5580 Ølen

eller på epost til postmottak@vindafjord.kommune.no

Kva kostar det?

Sjå gjeldande prisar for sakshandsbehandling og oppmåling i Vindafjord kommune si gebyrliste.

Tinglysingsgebyr kjem i tillegg.

Klage

Oppretting av grunneigedom kan påklagast av berørte partar. Klagefristen er 3 veker, og den startar frå den datoen du mottek matrikkelbrev eller underretting om matrikkelføring, jamfør §46 i matrikkellova.

Lovar og reglar

For meir utfyllande informasjon og regelverk sjå

Kontaktinformasjon

Areal og forvaltning
E-post

Besøksadresse
Østbøvegen 2, 5585 Sandeid

Postadresse
Rådhusplassen 1, 5580 Ølen

Profilbilde av Venke Helgesen
Venke Helgesen
Ingeniør
Areal og forvaltning
Vindafjord kommune
E-post
Telefon 90 85 82 13
Mobil 90 85 82 13
Profilbilde av Marianne Stople Rørtveit
Marianne Stople Rørtveit
Ingeniør
Areal og forvaltning
Vindafjord kommune
E-post
Telefon 90 80 92 26
Mobil 90 80 92 26
Profilbilde av Thomas Vestbø
Thomas Vestbø
Einingsleiar
Areal og forvaltning
Vindafjord kommune
E-post
Telefon 97 54 01 80
Mobil 97 54 01 80