- Ved arealoverføring kan du få overført areal mellom eigedomar som har felles grense.
- Arealoverføring blir brukt når arealet som skal overførast er større enn kva som er mogleg å overføra med ei grensejustering.
- Du må søka kommunen om delingsløyve.
Kven kan søka?
Det er eigar av eigedomane som kan søka om arealoverføring.
Dersom du signerer søknaden på vegne av eigar, må du legga ved fullmakt frå grunneigar. Fullmakta må vera original eller stadfesta rett kopi.
Slik søker du
Ved søknad om arealoverføring skal du bruka søknadsskjema og rekvisisjon av oppmålingsforretning.
Søknad om arealoverføring: Søknad om tiltak utan ansvarsrett
Bestilla oppmåling: Rekvisisjon av oppmålingsforretning
Informasjon som skal leggast ved
- Kart som viser forslag til ny eigedomsgrense. Kartportalen Fonnakart kan nyttast til dette.
- Nabovarsel skal sendast berørte naboar saman med kart som viser grensene for arealoverføring.
- Gjenpart av nabovarsel saman med kvittering for nabovarsel skal følga søknaden som blir sendt til kommunen.
Er arealoverføringa i strid med reguleringsføremålet i anten reguleringsplan eller kommuneplan, må det også leggast ved eit følgebrev der du søker om dispensasjon frå gjeldande plan. Dispensasjonssøknaden må vera grunngitt med dei argumenta søkaren meiner er viktige.
Du kan også legga ved
Utfylt skjema Erklæring om arealoverføring der blant annet kjøpesum og marknadsverdi på arealet må vera oppgitt. Dette må leverast i 2 originale eksemplar med partane sine underskrifter.
Fullstendig søknad eller rekvisisjon skal sendast til
Vindafjord kommune, Rådhusplassen 1, 5580 Ølen
eller på epost til postmottak@vindafjord.kommune.no
Kva kostar det?
Sjå gjeldande prisar for saksbehandling og oppmåling i Vindafjord kommune si gebyrliste.
I tillegg kjem tinglysingsgebyr og dokumentavgift til staten. Den er 2,5 prosent av verdien eller kjøpesummen på arealet som blir overført.
Klage
Arealoverføring kan påklagast av berørte partar. Klagefristen er 3 veker, og den startar frå den datoen du mottek matrikkelbrev eller underretning om matrikkelføring, jamfør §46 i matrikkellova.
Lovar og reglar