Innskriving

Elevane blir skriven inn våren det året dei byrjar i første klasse. Grunnskuleopplæringa startar til vanleg det året barnet fyller 6 år.

Innskriving

Kvar skule kunngjer innskrivingsdato. Innskriving skjer i oktober/november året før eleven skal begynna på skulen. 

Overgangsprosedyre og innskrivingsskjema (PDF, 2 MB)

Rett til opplysningar om barnet ifølge barnelova §47

Utsatt eller framskunda skulestart

Grunnskuleopplæringa skal til vanleg ta til det kalenderåret barnet fyller 6 år. Dersom det etter sakkunnig vurdering er tvil om barnet er komme tilstrekkeleg langt i utviklinga si til å starte i skulen, har barnet rett til å utsetje skulestarten eitt år dersom foreldra krev det. Etter sakkunnig vurdering og med skriftleg samtykke frå foreldra kan kommunen i særlege tilfelle vedta å utsetje skulestarten eitt år. Dersom foreldra søkjer om det eller samtykkjer, kan kommunen etter sakkunnig vurdering la eit barn ta til på skulen eitt år før når det innan 1. april har fylt 5 år.

Opplæringslova kapittel 2

Rettigheiter for barn med nedsett funksjonsevne

Meir om rettigheiter i grunnskulen for barn med nedsatt funksjonsevne og deira foreldre

Målform

Hovudmålet i grunnskulane i Vindafjord kommune er nynorsk.