Om barnevern

Omsorg og oppdraging av barn er i første rekke foreldra sitt ansvar. Foreldre kan likevel ha behov for hjelp og støtte i foreldrerolla. Barneverntenesta skal hjelpa både barn og føresette. Barneverntenesta skal hjelpa slik at barn og unge blir sikra omsorg, tryggleik og gode levevilkår.

 

Ein gutt og ein bamse - Klikk for stort bilete Cheryl Holt frå Pixabay

Kva kan me hjelpa med?

  • Foreldrerettleiing (døme: Trygghetssirkelen, Tuning into Kids, eller generell rettleiing)
  • Miljøarbeidar eller miljøterapeut i heimen
  • Besøksheim, støttekontakt eller anna avlastning
  • Økonomisk støtte som til dømes barnehage eller SFO
  • Fosterheim som hjelpetiltak
    Med foreldra sitt samtykke kan barneverntenesta plassera eit barn eller ungdom i fosterheim for ein periode, for å avhjelpa situasjonen i heimen.
  • Ansvarsgrupper og koordineringsansvar
  • Vidare tilvising til: BUP (barne- og ungdomspsykiatrisk poliklinikk), BUFetat (barne-, ungdoms- og familieetaten), familievernkontor med vidare.

Barneverntenesta skal gi hjelp til barn, unge og familiar som oppheld seg i Etne og Vindafjord kommune. Barneverntenesta samarbeider med andre tenester for barn, unge og deira familiar. Dette skjer i samarbeid med føresette, barn og ungdom sjølv. Barneverntenesta arbeider etter lov om barneverntenester.

Når kontaktar du oss?

Barneverntenesta kan du kontakta dersom du opplev vanskar eller har bekymring knytt til

  • Utfordringar i foreldrerolla, eller samspelsvanskar i familien
  • Grensesetting
  • Barn og unge med åtferdsvanskar eller emosjonelle vanskar
  • Barn og/eller foreldre som har rusproblem
  • Familiar med lite nettverk
  • Barn med psykisk sjuke foreldre
  • Omsorgssvikt eller mishandling, vald i heimen eller seksuelle overgrep og incest
  • Kriminalitet

Både privatpersonar og personar som er i kontakt med barn gjennom jobben, kan melda frå til barnevernet dersom dei er bekymra for eit barn eller ein ungdom. Klikk på knappen under for meir informasjon om korleis du går fram.

Bekymra for eit barn?

Hjelpetiltak

Barneverntenesta undersøker bekymringsmeldinga og kan tilby fleire ulike hjelpetiltak dersom ein vurderer at det er naudsynt for å sikra barnet eller ungdommen den omsorga dei har behov for. Hjelpetiltak har som mål å hjelpa både barn, ungdom og foreldre. Hjelpetiltak blir individuelt vurderte og tilpassa slik at dei passar den enkelte familie.

Openheit og samarbeid mellom familie og barnevern er svært viktig for at barn og unge skal få rett hjelp og oppfølging. Barnet eller ungdommen skal få tilstrekkeleg og tilpassa informasjon, og har rett til fritt å gi uttrykk for sine meiningar og synspunkt.

Omsorgsovertaking

I nokre tilfelle vil ikkje hjelpetiltak sikra barnet den omsorg, tryggleik og støtte som barnet har behov for. Dersom foreldra ikkje ønsker hjelpetiltak, kan dette påleggast av fylkesnemnda. Dersom barneverntenesta vurderer at hjelpetiltak ikkje vil sikra barnet den omsorgssituasjonen det har behov for, kan barneverntenesta fremma vedtak om å overta omsorga for barnet. Dette vil bli avgjort av fylkesnemnda.

Dersom barneverntenesta får medhald i – og overtek omsorga for barnet eller ungdommen – vil den eller dei blir plassert i ein godkjent fosterheim eller på institusjon. Barnet eller ungdommen vil ha jamnleg kontakt og samvær med sine foreldre. Omsorgsovertaking er også å sjå som eit midlertidig tiltak, og barneverntenesta skal arbeida for å gjenforena barn og ungdom med sine foreldre. 

Har du spørsmål?

Har du spørsmål om utfordringar rundt barneoppdraging, grensesetting, atferdsproblem og liknande, kan du ta kontakt med barneverntenesta for ein samtale. Dei fleste utfordringar kan løysast i samarbeid mellom oss og føresette om ein handlar på eit tidleg tidspunkt.

How can Child Welfare Services help?

Information about the Child Welfare Service in different languages

Kontaktinformasjon

Profilbilde av Turid Askeland
Turid Askeland
Einingsleiar
Etne Vindafjord barnevernteneste
E-post
Mobil 92 09 41 99
Etne Vindafjord barnevernteneste
Telefon 90 24 63 59

Opningstid
Frå klokka 08.00 - 15.30

Besøksadresse
Rådhuset, Rådhusplassen 1, 5580 Ølen

Vakttelefon (kveldstid og helger)
90 17 05 91 

Alarmtelefonen for barn og unge
116 111