Er du bekymra for eit barn/ungdom?

Det er viktig at du melder til barnevernet om du er bekymra for eit barn. Meldinga frå deg kan vera viktig for barnet eller ungdommen dette gjeld. Barn og ungdom kan også sjølv kontakta barnevernet. 

Jente med bamse på veg - Klikk for stort bilete Lisa Runnels frå Pixabay

Er du barn eller ungdom og ønskjer å ta kontakt?

Nokre barn og ungdommar ønsker sjølv å ta kontakt med barneverntenesta. Dersom du synes det er vanskeleg å ringa, kan det vera lurt å spørja ein vaksen du stolar på om å hjelpa deg med å ringa. Du kan også treffa oss på rådhuset i Ølen. Me i barneverntenesta er her for å hjelpa deg.

Du kan også ringa alarmtelefonen for barn og unge på telefon 116 111. Dei vil vidareformidle bekymringa di til oss.

Korleis melda inn ei bekymringsmelding?

Du kan ta kontakt med barneverntenesta for råd og rettleiing dersom du er bekymra for eit barn eller ungdom. Du kan vera anonym når du ringer.

  • Mottakstelefonen til barneverntenesta (08.00 - 15.30) 90 24 63 59
  • VEST Barnevernvakt (15.30 - 08.00) 90 17 05 91
  • Alarmtelefonen for barn og unge 116 111

Du kan også registrera bekymringsmeldinga di digitalt. Som privatperson kan du velja å vera anonym. Alle meldingar skal bli behandla snarast og innan ei veke. 

For privatpersonar

Dette skjemaet er for privatpersonar som vil senda inn bekymringsmelding til barnevernet:

Digital bekymringsmelding for privatpersonar

For offentleg tilsette og fagpersonar med meldeplikt

Dette skjemaet er for tilsette som skal senda inn bekymringsmelding i kraft av stillinga si: 

Digital bekymringsmelding for offentleg tilsette

Om offentlege myndigheiter har grunn til å tru at eit barn blir utsett for alvorleg omsorgssvikt eller mishandling, har dei plikt til å melda saka vidare til barnevernet.

Anonym bekymringsmelding

Når du melder frå til barnevernet kan du både melda frå med fullt namn eller vera anonym:

  • Du kan bruka fullt namn både ovanfor familien og barneverntenesta. Då vil foreldra i saka bli informerte om at det er du som melder.
  • Du kan velja å melda inn saka anonymt, slik at verken barnevern eller foreldre veit kven som melder. Hugs at familien får høve til å sjå meldinga, slik at om du til dømes skriv at du er tante til barnet, kan du lett bli kjent igjen.
  • Du kan bruka fullt namn overfor barnevernstenesta, men be om at det ikkje blir gjort kjent for foreldra. Dersom du vel dette alternativet, vil anonymiteten bli oppheva dersom barneverntenesta fører sak om omsorgsovertaking, og saka må i retten.

Skjema for anonym bekymringsmelding for privatpersonar (PDF, 282 kB)

Send skjema som brev i posten til:

Etne Vindafjord barnevernteneste, Rådhusplassen 1, 5580 Ølen

Spørsmål og svar

Kontaktinformasjon

Etne Vindafjord barnevernteneste
Telefon 90 24 63 59

Opningstid
Frå klokka 08.00 - 15.30

Besøksadresse
Rådhuset, Rådhusplassen 1, 5580 Ølen

Vakttelefon (kveldstid og helger)
90 17 05 91 

Alarmtelefonen for barn og unge
116 111