Ved smitte i barnehagar og skular

Dersom det er ein koronapositiv i klasse eller barnehageavdeling, anbefaler ein at medelevar eller barn i same avdeling utfører følgande testregime, les meir i artikkelen.

  • Sjølvtest dag 0 (siste kontakt), dag 3 og dag 5 om morgonen før ein går på skule eller i barnehage.
  • Ingen karantene, men eleven eller barnehagebarnet skal bli heime dersom det er symptom på luftvegsinfeksjon.  Ta ein sjølvtest, eller kontakt testkontoret, telefon 53 65 60 34 på dagtid.
  • Ver obs på symptom i 10 dagar frå siste kontakt med den som er smitta.
  • Sjølvtestar kan hentast på testkontoret etter avtale. Hurtigtestar til bruk heime blir nå berre utdelt til husstandsmedlemmer og andre nærkontaktar til dei som er smitta.

Les meir om lokale råd og tiltak i Vindafjord kommune her