Tilsynskonferansen 2022

Representantar frå dei ulike kommunane i Rogaland var sist veke på tilsynskonferanse i regi av Statsforvaltaren i Rogaland. Statforvaltaren, Bent Høie, opna dagen med å snakka om at tilsyn både kan vera vakkert og ei gåve.Barnehage - og skulesjef i Vindafjord Svein Carlos N. Gjil (t.v), her saman med kommunalsjef oppvekst i Sauda Målfrid S. Årthun og Statsforvaltar Bent Høie på tilsynskonferansen. Marta Ommundsen   

Det blei blant anna gjennomgang av kommunelovens krav til internkontroll og kva ulike lovverk seier.  Gode døme frå ulike sektorar i ulike kommunar blei delt.

Innanfor oppvekst har Vindafjord, Sauda og Suldal starta eit samarbeid som går på ekstern vurdering, som skal bidra til å vurdera og vidareutvikla kvaliteten på det tilbodet me gjer til brukarane våre.

Alle skal involverast, frå tilsette til barn og elevar, samt foreldre/føresette. Den skal hjelpa å styrkja barnehagane og skulane som organisasjon.

Det er veldig sunt og godt å få eit eksternt blikk på barnehagen og skulen. Vidareutivklinga av dette blir viktig for å vera i tråd med komande krav og tilsyn.