Samarbeider om kompetanseutvikling og ekstern vurdering

Tysdag og onsdag denne veka har styrarar, rektorar, inspektørar, PPT og eigar vore på Stord hotell saman med Sauda og Suldal. Her var tema barnehage - og skulebasert kompetanseutvikling og ekstern vurdering.Dei tre kommunane samla heile 65 tilsette til samlinga på Stord om barnehage - og skolebasert kompetanseutvikling og ekstern vurdering Nils Erik Eide

Ei arbeidsgruppe har stått for programmet og opplegget. Frå vår kommune har barnehage - og skulesjef Svein Carlos Gjil vore i denne gruppa, saman med rådgjevarar frå Sauda og Suldal i tillegg til våre regionale kompetanse - og utviklingsrettleiarar for skule og barnehage, Britt-Mona Vang og Liv Åse Hagland. 

Deltakarane på konferansen var, som sagt, rektorar, styrarar, inspektørar, rådgjevarar, kommunalsjefar, regionale kompetanse - og utviklingsrettleiarar, oppvekstkoordinator, PPT og HVL. 

Programmet var variert og nyttig, der deltakarane fekk god teori krydra med gode gruppeoppgåver der kommunane var blanda får dei tre kommunane. 

Vidare plan for kommunen er å etablere gode rutinar, som skal publiserast på nettsida, forankra i organisasjonen og lage ein plan for ekstern vurdering av dei ulike einingane våre. 

Ekstern vurdering skal bidra til å vurdera og vidareutvikla kvaliteten på det tilbodet me gir til brukarane våre. Alle skal involverast, frå tilsette til barn og elevar, samt foreldre/føresette. Den skal hjelpa å styrkja barnehagen og skulen som organisasjon. Det er veldig sunt og godt å få eit eksternt blikk på barnehagen og skulen.

På samlinga blei dei ulike fasane i barnehage og skulebasert kompetanseutvikling og ekstern vurdering presentert. Kommunalsjefane i dei tre kommunane lagde ein song, som skal hjelpa alle til å hugsa alle fasane i dette arbeidet.