Redusert foreldrebetaling og gratis kjernetid for 1. klassingar frå hausten på SFO

Her kan de finne meir informasjon om ordninga om redusert foreldrebetaling og om prosessen vedkomande gratis kjernetid for 1.klassingane i SFO. 

To barnehagebarn i oransje kitlar lagar veggmåleri. - Klikk for stort bilete

Du har rett på redusert foreldrebetaling om maksimumsprisen for SFO er høgare enn 6 prosent av den samla inntekta til familien eller hushaldet. Dette er ei nasjonal ordning som gjeld for 1.-4.trinn.Ordninga gjeld berre etter skriftleg søknad til kommunen. 

Meir info og søknadsskjema her

Gratis kjernetid for 1. klassingar frå hausten 2022

I statsbudsjettet for 2022 blei det vedteke 12 timar gratis SFO for elevar på 1. trinn. Ny forskrift i tråd med den nye ordninga har vore på høyring og gjeld frå skuleåret 2022/2023. Føresette treng difor ikkje søkje om gratis kjernetid, dette vil komme til fråtrekk automatisk for alle på 1. trinn.