Nyttig workshop om stafettloggen

Om lag 110 engasjerte deltakarar frå barnehage, skule og alle hjelpetenester deltok på workshop om stafettloggen fordelt på tre ettermiddagar. BTI koordinator Inger Kathrine Sundve er godt nøgd med opplegget og gjennomføringa.

Over 110 deltakarar stilte på dei tre workshopane om stafettloggen til saman Inger Kathrine Sundve

I tillegg til Sundve så bidrog PPT leiar Liv Ingunn Heie Medhaug og kontaktperson i PPT Trine Hebnes. Sistnemnde delte sine erfaringar som stafetthaldar i si tid som lærar på Grinde skule i Tysvær. På programmet elles var det gjennomgang av BTI-modellen og handlingsrettleiar. Til slutt jobba gruppa i plenum med å leggja inn tiltak i ein fiktiv stafettlogg. Dette var styrt av PPT. Det var også rom for spørsmål og dialog, og ikke minst erfaringsdeling. 

PPT leiar Liv Ingunn Heie Medhaug held innlegg på workshopen om stafettloggen Inger Kathrine Sundve Forutan skulane og barnehagane deltok alt frå fysioterapeut, helsesjukepleiarar, familieteam, barnevern og PPT.

Inger Kathrin Sundve, barnehagefagleg ansvarleg - Klikk for stort bileteBTI koordinator Inger Kathrine Sundve Ellen Marie Hagevik

Kva er ein stafettlogg?

Stafettloggen er ein elektronisk logg som blir oppretta og følger opp ei uro rundt eit barn eller ein ungdom. Me nyttar den også som dokumentring av tiltak som er prøvd ut i heim, barnehage og skule ved tilvising til PPT.

Stafettloggen er eit verktøy som skal vera med å sikra samanheng i oppfølginga for barn og unge. Som namnet seier, tydeleggjer ein kven som er «stafetthaldar» og ansvarleg for framdrift.

I møte blir tiltak drøfta, ført i loggen og ansvar fordelt. Alle tiltak, målsettingar, kven som har ansvar for kva tiltak og frist for evaluering, blir dokumenter i loggen. Vurdering av tiltaka og eventuel plan for nye blir også dokumentert.

Loggen blir avslutta, og det blir tatt ei utskrift til arkivering i elevmappa, når det ikkje lenger er bekymring eller behov. Føresette kan sjølv velja å avslutta loggen.

Loggen blir oppretta etter samtykke frå føresette (og den unge sjølv frå 15 år), og er godkjent av Datatilsynet for lagring av personsensitive opplysningar.
 

Vindafjord kommune er ein BTI kommune, les om det her

 

Presentasjonen frå workshopen (PDF, 2 MB)


Kva skjer vidare?

Etter desse tre øktene er planen å ha dette i årshjulet slik at det er mogeleg å få kurset for nytilsette og gi oppfrisking til dei som tenker dei treng det. 

Elles er det sendt ut nye passord til demoversjon som er tilgjengeleg til alle einingsleiarar slik at deltakarane no kan jobbe vidare med eigne loggar eller på seg sjølv i demoversjonen som er sendt ut.