Ny PPT leiar i gong

Sommarferien er over for nytilsett PPT leiar Sonja Hundseid Lærdal. Ho har i dag sin første dag i ny rolle og ho ser fram til tida som kjem. -Det var godt å endeleg koma i gong, seier ho.

Sonja H. Lærdal på plass på sitt nye kontor som PPT leiar Nils Erik Eide

Sonja Hundseid Lærdal kjem frå jobben som inspektør på Ølen skule. Ho ser veldig fram til denne nye utfordringa og vil den første veka bruka mykje av tida si til å få oversikt over det meste. Ho gler seg til at dei tilsette etter kvart kjem tilbake frå ferie slik at ho kan bli enda betre kjend med dei og at dei saman kan leggja ein god plan for året som kjem. 

Sonja har, før ho tok sommarferie, hatt overlapping med Liv Ingunn Medhaug, som gjekk av som PPT leiar i sommar og over som pensjonist etter 12 år i leiarstolen. 

Les også: Sonja Hundseid Lærdal blir vår nye PPT leiar