No, som lærling innan barne- og ungdomsfaget i Vindafjord kommune, kjenner ho at ho har funne sin plass – i eit miljø der ho både lærer og får tillit.
– Eg har alltid tenkt at eg ville jobba med ungar. Eg har sagt sidan eg var lita at eg ville jobba i barnehage.
Lærlingtida har bekrefta at ho valde rett.
Inga Amalie er for tida lærling i Vågen barnehage.
Kristine Thorsen Eikeland
Heim etter vidaregåande
Ho gjekk vidaregåande på Jæren og budde på internatskule – ei god, men intens erfaring.
– Det var kjekt å bu på internatskule, men eg ville heim igjen. Difor flytta eg til Ølensvåg.
Når Inga Amalie blir spurd om kva som er det beste med å vere lærling her, svarar ho enkelt og ærleg:
– At eg er kjent i kommunen og veit kor ting er.
For henne har tryggleik og oversikt vore eit godt utgangspunkt for læring og utvikling.
No har Vindafjord kommune lyst ut læreplassar for 2026
Kristine Thorsen Eikeland
– Eg har fått mykje ansvar
Lærlingtida har lært ho mykje om både fag og relasjonar.
– Eg har lært korleis eg skal handtera ulike situasjonar. Å vere den rolige vaksne for ungane. Eg lærer best i praksis, og får gode tilbakemeldingar frå rettleiaren.
Ho har også opplevd stor tillit frå arbeidsplassen.
– Eg har fått mykje ansvar. Det gir stor meistring. Eg føler meg som ein del av fellesskapet – ikkje berre ein lærling.
Kvardagsglede i felleskap med kollegaer og barn
Gode kollegaer betyr mykje for Inga Amalie.
– Det betyr mykje å ha gode kollegaer. Sjølv om ein er sliten, kan ein ha det gøy saman – både med kollegaene og ungane.
Inga Amalie er for tida lærling i Vågen barnehage
Kristine Thorsen Eikeland
Framtida: i barnehage – sjølvsagt
Når ho ser framover, er det lite tvil:
– Eg trur eg ender opp i barnehage. Eg synest det er fascinerande å sjå korleis barna utviklar seg gjennom åra i barnehagen.
Ho meiner lærlingtida gir ein unik sjanse til å forstå faget.
– Eg ser mykje meir nytten av teorien når eg får praktisert han.
No har Vindafjord kommune lyst ut læreplassar for 2026