Kommunen på samarbeidsmøte med Lundeneset VGS

I mange år har kommunen ved ordførar, kommunedirektør og hans stab hatt samarbeidsmøte med Ølen VGS. Det har lenge vore eit ønskje å ha same opplegg med Lundeneset, den andre vidaregåande skulen i kommunen. Denne veka var det altså endeleg klart for det.

Rektor Gustav Løge Fosse (t.v), Lundeneset VGS, tok denne veka i mot ein delegasjon frå Vindafjord kommune til samarbeidsmøte. F.v: kommunalsjef helse og omsorg Sigurd Gjerdevik, barnehage- og skulesjef Svein Carlos N. Gjil, kommunedirektør Yngve F. Bergesen og ordførar Ole Johan Vierdal. Kommunalsjef oppvekst Nils Erik Eide var her fotograf. Nils Erik Eide

Rektor Gustav Løge Fosse tok i mot kommunen ved inngangen og inviterte til lunsj i personalkantina, der kommunen fekk helsa på fleire av dei tilsette. 

Rektor Gustav Løge Fosse tok godt i mot kommunen sin delegasjon ved inngangen. Nils Erik Eide

Etter lunsj var det samling i konferanserommet der rektor Fosse presenterte Lundeneset saman med leiargruppa si, Håvard Brekkå, ass.rektor/diakoni- og fritidsleiar, Mari Hetland Sunde og Andreas C. Våge, administrasjonsleiar. Undervisningsleiar 1 Arlene Pedersen hadde fri denne dagen.
I tillegg til flott presentasjon var det moglegheit for å stilla spørsmål rundt bordet.

Rektor Gustav Løge Fosse (t.h) presenterer Lundeneset for ordføraren og hans delegasjon. F.v: Ordførar Ole Johan Vierdal, administrasjonsleiar Andreas C. Våge og kommunedirektør Yngve F. Bergesen. Nils Erik Eide

Etter presentasjonen fekk kommunen omvisning på skulen og området rundt. 

Her viser rektor Gustav Løge Fosse t.h fram det flotte uteområdet. Håvard Brekkå, Yngve F. Bergesen, Andreas C. Våge, Ole Johan Vierdal og Sigurd Gjerdevik følger interessant med. Nils Erik Eide Frå omvisninga, her i gymbygget. F.v: Mari Hetland Sunde, Sigurd Gjerdevik, Andreas C. Våge, Gustav L. Fosse, Yngve F. Bergesen, Ole Johan VIerdal og Svein Carlos N. Gjil (Håvar Brekkå delvis skjult) Nils Erik Eide

Etter omvisninga presenterte Fosse eit historisk blikk, Lundeneset har eksistert i 60 år, som starta som i utgangspunktet som leirplass i 1957. Kommunen fekk utdelt kvar si bok frå 50 årsjubileumet til Lundeneset VGS. 

Det var også rom for å diskutera ein del utfordringar Lundeneset står ovanfor. Rektor Fosse hadde blant anna invitert med sitt sosialteam, som består av internatleiar Sigrid Aareskjold og sosiallærar med internatoppgåver Ruth F. Fjelltveit. Det var ein nyttig diskusjon rundt bordet, der kommunen tok med seg nokre viktige punkt til forbetring.

Sosialteamet til Lundeneset, f.v Sigrid Aareskjold, internatleiar og sosiallærar med internatoppgåver Ruth F. Fjelltveit. Nils Erik Eide

Til slutt fekk kommunen presentert ein del fakta der rektor avslutta med ein bekymring, nemleg at skulen opplever å få færre lokale søkjarar til skulen enn normalt. Her vil ein ha dialog framover på korleis ein kan snu denne trenden.

Alle var eininge om at dette hadde vore eit bra samarbeidsmøte, og det var bra at ein endeleg var i gong på ein formell måte slik som kommunen har med Ølen VGS. 

Les meir om Lundeneset VGS her

Omvisning på "nye" Ølen VGS

Samarbeidsmøte med Ølen VGS