Samarbeidsmøte med Ølen VGS

Måndag denne veka var ordførar, kommunedirektør, kommunalsjefar og barnehage- og skulesjef på samarbeidsmøte med Ølen VGS.

Rektor Ruth Sæle viste kommunedirektør Yngve F. Bergesen og ordførar Ole Johan Vierdal rundt på den flotte skulen. Sidan sist var kantina, markerspace og mediatek ferdig. Ho hadde med seg avdelingsleiar Olav Hogne Espe. Nils Erik Eide

Vindafjord kommune og Ølen vidaregåande skule har to faste samarbeidsmøte i løpet av kalenderåret. Sist møte var på rådhuset i oktober i fjor. Denne gong var det Ølen vidaregåande som var arrangør og agendaen var: 

  • Søkjarar til Ølen VGS 2023/24
  • Resultat av elevundersøkinga for 2022
  • Planlagde aktivitetar for skulen og kommunen
  • Eventuelt
  • Omvisning kantine, markerspace og mediatek

Denne arenaen er viktig for både kommunen og for den vidaregåande skulen og neste møte skal vera på rådhuset i september. I tillegg blei det bestemt på møtet at det skal vera eit felles arbeidsmåte i oktober der ein har den nye opplæringslova på agendaen med fokus på overgang frå grunnskule til vidaregåande.