Ekstern vurdering på Skjold skule

Som del av samarbeidet oppvekst i Vindafjord har med Sauda og Suldal på barnehage og skulebasert kompetanseutvikling skal kommunane ha ekstern vurdering hos kvarandre. 

Her står vurderingsteamet saman med representantar frå FAU, leiinga på skulen, PPT og barnehage og skulesjef Nils Erik Eide

Ein svært avgjerande faktor for kvaliteten på tilbodet i barnehage og skule er dei tilsette sin kompetanse og deira evne til å leggja tilrette for- og motivera til barn og unge si læring og utvikling. Barnehage- og skulebasert kompetanseutvikling skal fremja dette arbeidet.

Barnehage- og skulebasert kompetanseutvikling skal involvera heile personalet. Arbeidet skal vera skreddarsydd kvar barnehage og skule, og dei tilsette skal sjølv vera skreddarane i eit felles arbeid. Inkluderande fellesskap skal liggja som overordna målsetting for alt arbeidet som blir gjort. Barn, unge og føresette skal bli involvert i arbeidet. Styrar/rektor skal styra og leia arbeidet.

20.- 22. februar 2024 gjennomførte vurderingsteamet, beståande av Britt-Elin Håranes, rådgjevar oppvekst Suldal, Jorunn Hoås, rektor Sand skule, Suldal, Solgunn Hannisdal Haanes, PP-kontakt og Britt-Mona Vang, kompetanse- og utviklingsrettleiar, ekstern vurdering på Skjold skule. 

Leiar for vurderingsteamet Britt-Elin Håranes (t.v) la fram rapporten på vegne av teamet. Rektor Nina Iren Husevåg syntest det var interessant og var glad for dei gode tilbakemeldingane. Ho tok også med seg gode råd til vidare arbeid med utviklingsarbeidet. Nils Erik Eide

Torsdagen inviterte dei til presentasjon av rapporten for skuleeigar, tilsette og foreldre.

Dei tilsette følgde nøye med på dei gode tilbakemeldingane frå vurderingsteamet. Dei fekk også med seg nokre råd for vegen vidare frå teamet. PPT leiar Sonja H. Lærdal (t.v) fekk også med seg tilbakemeldinga Nils Erik Eide

Her kan du lesa rapporten frå ekstern vurdering av Skjold skule (PDF, 5 MB)

Les meir om barnehage - og skulebasert kompetanseutvikling her