Du kan gjera ein forskjell

Det kan vera ulike grunnar til at eit barn eller ein familie treng støtte i kvardagen. Å vera besøksheim eller støttekontakt kan vera eit godt tiltak for å gjera kvardagen til eit barn meir meiningsfull.

Barn som teiknar - Klikk for stort bilete Rudy og Peter Skitterians, Pixabay

Besøksheim

Å vera besøksheim vil seia å bruka tid til samvær med eit eller fleire barn frå ein annan familie. Det kan vera frå familiar som treng avlasting, eller at barna har behov for å koma i eit anna miljø og få nye, positive opplevingar.

Barna vil nok ha stor glede av berre å vera med familien på dei vanlege og kvardagslege tinga, mens det også vil vera til glede for dei å få vera med på kjekke aktivitetar.

Tilbodet er eit frivilleg hjelpetiltak

Besøksheimen skal ikkje erstatta barnet sin heim hos sine biologiske foreldre, men vera ein ekstra ressurs for barnet og ei støtte for foreldra.

Korleis gå fram?

Ta kontakt med barneverntenesta for spørsmål, eller ønske om å vera besøksheim. Barneverntenesta vil gjennomføra samtale og heimebesøk før det blir tatt avgjerd om godkjenning. Det er krav til politiattest.

Støttekontakt

Ein støttekontakt er ein trygg vaksen som aktiviserer og inspirerer til ulike aktiviteter for barn som av ulike grunnar har behov for det.

Å vera støttekontakt er ei viktig oppgåve der ein får moglegheit til å vera med og fylla kvardagen til barn og unge med opplevingar.

Vil du bli støttekontakt?