Barnevernet sin tilstandsrapport presentert for OPOM

Barnevernleiar Turid Askeland orienterte om barnevernet sin tilstandsrapporten for 2024 for OPOM denne veka. Etter presentasjonen behandla OPOM saka. 

Barnevernleiar Turid Askeland hadde ein god presentasjon av tilstandsrapporten for 2024 i OPOM denne veka Nils Erik Eide

Det var også rom for kommentarar og spørsmål knytt til rapporten. Askeland fekk mykje skryt for den gode rapporten og ikkje minst for det gode arbeidet som vert gjort i barnevernstenesta. Normalt pleier barnevernleiar å ha fast orientering i OPOM, denne gong handla alt om tilstandsrapporten. 

Her kan du lese tilstandsrapporten til barnevernet for 2024 (PDF, 2 MB)