Avslutta kursrekkje med RVTS

I dag avslutta kommunen ei vellukka kursrekkje i samarbeid med RVTS-Vest, flyktningkompetent kommune, på rådhuset i Ølen. Fleire einingar har vore representert og deltatt på heile åtte samlingar sidan oppstarten i januar 2020.

Vindafjord kommune ynskjer å vera ein kommune som er god på busetting og integrering av flyktningar og andre med fleirkulturell bakgrunn. Å tilby tenester til personar med fluktbakgrunn eller anna fleirkulturell bakgrunn krev kompetanse. 

Menneske kan ha ulike behov og utfordringar som vi må ha kunnskap om for å kunne tilby gode tenester. Er dette traume? Kvifor har denne personen vanskeleg for å læra norsk? Korleis fungerte barneoppdragelsen i heimlandet? Er dette psykisk eller somatisk sjukdom? Kva er sosial kontroll? Det kan dukke opp mange slike problemstillingar i løpet av ein vanleg arbeidsdag. For å heva kompetansen bredt i kommunen har RVTS Vest arrangert ei kursrekkje for tilsette i kommunen. Miriam Aareskjold (bilde) frå integreringstenesta har hatt regien på dette i samabeid med RVTS, som står for ressurssenter om vald, traumatisk stress og sjølvmordsførebygging. 

Miriam Aareskjold, teamleiar integreringstenesta, har stått i spissen for denne kursrekkja i samarbeid med RVTS Vest Nils Erik Eide Les om integreringstenesta her

Målet for kursrekkja 

  • «Alle» tilsette skal auke sin kompetanse rundt flyktningar 
  • Kommunen skal bli betre på å samarbeida rundt denne brukargruppa. Bygge på BTI-arbeidet (betre tverrfagleg innsats) som allereie er etablert i kommunen.

Rammer for kursrekkja 

  • 8 kursdagar frå mars 2021 til juni 2022 
  • Nokre store samlingar for å nå ut bredt og nokre samlingar i mindre grupper med meir spissa opplæring 
  • Kombinasjon av førelesning, øvingar, diskusjonar og gruppearbeid 
  • Bygge vidare på eksisterande kompetanse i kommunen 
  • Fokus på praktisk bruk av opplæringa me får 
  • Oppgåver/arbeid mellom samlingane
  • Samlingane blir tilpassa deltakarane sine ynskjer  
  • Tenestar som har deltatt er: 
    • Skule 
    • Barnehage (også privat)
    • Kulturskulen
    • Vaksenopplæringa
    • PPT
    • Barnevern 
    • Familieteam 
    • Helsestasjon 
    • Fastlegar  
    • Psykisk helse 
    • NAV 
    • Integreringstenesta 
    • Frivilligsentral 
    • Leiarar

I dag var det altså siste samling, og endeleg kunne ein møtast fysisk etter fleire digitale samlingar. Her fekk deltakande tenester 10 minutt kvar til å presentera svar på desse spørsmåla frå RVTS:

  1. Kor er de i dykkar teneste i høve til å bli meir ‘flyktningkompetent’? Korleis går dette? Kom gjerne med døme på kva de får til.
  2. Kva utfordringar i forhold til arbeid med flyktningar vil de jobbe vidare med og korleis?
  3. Korleis er samarbeid på tvers av tenester? Kva kan gjerast for å støtte/utvikle dette?
  4. Kva har vore mest nyttig med kursrekkja flyktningkompetent kommune?
  5. Er det tema de ønskjer meir kompetanseheving på?

Kake var på sin plass til deltakarane etter godt engasjement på alle dei åtte samlingane som kursrekkja til RVTS har bestått av. Nils Erik Eide Responsen frå deltakarane var at kursrekkja har vore nyttig og interessant, deltakarane har fått fagleg påfyll og den er med på å leggje grunnlag for vidare arbeid med flyktningar.  Ein har fått innblikk i andre tenestar sin måte å jobbe på for å ha meir forståing for kvarandre sine oppgåver og ansvarsområde. Det kom også fram ulike ønskje til forbetring. Det har også vore fint med stadfesting på at ein jobbar på rett måte.

Frå RVTS har deltakarane møtt Patrick John Jose O'Loughlin (bilde), Beate Gauden og May-Irene Wergeland m.fl.

Les meir om RVTS Vest her

Patrick O'Loughlin frå RVTS Vest Nils Erik Eide