Vindafjord aukar fokuset på kontroll av lønns- og arbeidsvilkår

Vindafjord kommune styrkjer kontrollen av lønns- og arbeidsvilkår i byggje- og anleggsprosjekt. Denne veka gjennomførte kommunen stadleg kontroll på Solheim–Knapphus som del av arbeidet for seriøse offentlege anskaffingar.

Vindafjord kommune kontrollerte lønns- og arbeidsvilkår og andre seriøsitetskrav på Solheim–Knapphus denne veka. Øyvind Kristiansen

Kontrollen omfatta mellom anna HMS-kort, personleg verneutstyr og samtalar med arbeidstakarar på byggeplassen. Målet er å sikre at krava kommunen stiller i kontraktane faktisk blir følgde opp i praksis. 

Dei siste åra har det kome strengare krav til seriøsitet og kontraktsoppfølging i offentlege anskaffingar. Kommunar skal ikkje berre stille krav til leverandørane sine, men også følgje opp og dokumentere at krava blir etterlevde. 

For å møte desse krava har Vindafjord kommune etablert meir systematiske rutinar for kontroll og oppfølging i eigne prosjekt. 

– Som offentleg oppdragsgivar har me eit ansvar for å bidra til eit seriøst arbeidsliv. Difor skal me ikkje berre stille krav i kontraktane våre, men også følgje opp at dei blir etterlevde. Dette handlar om både rettferdig konkurranse, gode arbeidsforhold og tilliten til korleis offentlege midlar blir forvalta, seier kommunalsjef Vegard Bang. 

Kommunen gjennomfører både dokumentkontrollar og stadlege kontrollar der det er relevant. Oppfølginga skal vere ein naturleg del av kontraktsforvaltninga i kommunale prosjekt. 

Målet med kontrollane er ikkje å «ta» leverandørane, men å bidra til ein seriøs marknad der alle konkurrerer på like vilkår. Kommunen ønskjer å vere ein tydeleg og føreseieleg oppdragsgivar som stiller krav, følgjer opp krava og samarbeider godt med leverandørane. 

– Me ønskjer at kontrollane skal vere føreseielege, profesjonelle og bidra til læring og etterleving. Dei aller fleste leverandørane ønskjer å drive seriøst og følgje regelverket. Erfaringane våre så langt er at leverandørane er positive til at kommunen følgjer opp krava i kontraktane. Mange seriøse verksemder ser på dette som ein fordel fordi det bidreg til like konkurransevilkår i marknaden, seier innkjøpsrådgjevar Beate Tandrevold. 

Bilete frå bilen Innkjøpsrådgjevar Beate Tandrevold og Ingeniør Øyving Kristiansen (SHA- koordinator for prosjektet) deltok på denne ukas stadlege kontrollen ved VA prosjektetet på Solheim–Knapphus. Beate Tandrevold

Erfaringar frå tilsyn og nasjonale satsingar viser at seriøsitetskrav har avgrensa verdi dersom dei ikkje blir følgde opp. Difor vil Vindafjord kommune ha større merksemd på kontroll og kontraktsoppfølging i eigne prosjekt.

Målet er ikkje fleire kontrollar i seg sjølv, men å bidra til at seriøse leverandørar får konkurrere på like vilkår og at arbeidstakarane har trygge og ordna arbeidsforhold.

Vindafjord kommune har også publisert informasjon om korleis kommunen arbeider med lønns- og arbeidsvilkår og seriøsitetskrav i offentlege anskaffingar. Her finn leverandørar og andre interesserte meir informasjon om dokumentasjonskrav, kontrollar og oppfølging i kontraktsperioden.

Les meir om korleis kommune arbeider med: Lønns- og arbeidsvilkår og seriøsitetskrav