Krava skal bidra til at leverandørar som følgjer regelverket, betaler skattar og avgifter, og tilbyr tilsette forsvarlege lønns- og arbeidsvilkår, får rettferdige føresetnader.
Gjennom kontroll av lønns- og arbeidsvilkår og andre seriøsitetskrav arbeider kommunen for å motverke useriøs konkurranse, sosial dumping og prispress basert på dårlege arbeidsforhold. Slik ønskjer kommunen å bidra til eit trygt, berekraftig og ansvarleg arbeidsliv.
Målet er å leggje til rette for ein velfungerande marknad der seriøse verksemder får gode moglegheiter til å hevde seg, og der kvalitet, kompetanse, samfunnsansvar og ansvarleg drift blir verdsette.
Dokumentasjon og verktøy
Kommunen nyttar DFØ sine malar og verktøy for å innhente og følgje opp informasjon frå leverandørar. Nødvendig dokumentasjon skal vere på plass før byggjestart.
Sjå meir informasjon her:
Veileder om forskrift om lønns- og arbeidsvilkår i offentlige kontrakter mv. – 4. Egenrapportering | Anskaffelser.no
Risikostyringsverktøy lønns- og arbeidsvilkår | Anskaffelser.no
Oppfølging i kontraktsperioden
I kontraktsperioden kan kommunen gjennomføre stikkontrollar i tråd med framdriftsplanen. Ved slike kontrollar kan kommunen møte opp på byggeplassen og gjennomføre samtalar med eit utval arbeidarar.
Innleiingsvis blir det gitt munnleg informasjon om kven vi er, kvifor vi er til stades, og kva vi ønskjer å undersøkje.
Døme på spørsmål i samtalane
Kommunen kan stille spørsmål om til dømes:
- tilsetjingsforhold
- arbeidstid
- lønn
- reise, kost og losji
- HMS og arbeidsmiljø
- språk og forståing av arbeidsvilkår
Om tilsetjingsforhold
- Kva firma er du tilsett i?
- Har du skriftleg arbeidsavtale?
- Når byrja du å jobbe i firmaet?
- Kva er stillinga di eller arbeidsoppgåvene dine?
Om arbeidstid
- Kor mange timar jobbar du normalt per dag og per veke?
- Når startar og avsluttar du arbeidsdagen?
- Jobbar du overtid?
- Kor ofte jobbar du overtid?
- Korleis blir arbeidstida di registrert?
- Får du betalt for alle timane du jobbar?
Om lønn
- Kva er timelønna di?
- Korleis får du utbetalt lønn?
- Kor ofte får du lønn?
- Har du fått lønnsslippar?
- Stemmer lønna med det som står i arbeidsavtalen?
- Får du tillegg for overtid, nattarbeid eller helgearbeid?
Om reise, kost og losji
- Bur du i bustad som arbeidsgivar har ordna?
- Betalar du sjølv for bustad?
- Får du dekt reise til og frå arbeidsstaden?
- Får du kostgodtgjersle eller andre utgifter dekte?
Om HMS og arbeidsmiljø
- Har du fått HMS-opplæring?
- Har du fått nødvendig verneutstyr?
- Veit du kven som er verneombod?
- Har du fått informasjon om sikkerheitsrutinar på byggeplassen?
For utanlandske arbeidstakarar
- Kva språk får du informasjon og instruksjonar på?
- Har du forstått innhaldet i arbeidsavtalen?
- Har du fått informasjon om lønns- og arbeidsvilkåra dine?
Kontroll mot dokumentasjon
Etter samtalane kan opplysningane bli kontrollerte mot dokumentasjon som:
- arbeidsavtalar
- timelister
- lønnsslippar
- bankutskrifter som viser lønnsutbetaling
- oversiktslister eller manntal på byggeplassen
- HMS-kort
Ekstra spørsmål ved mistanke om brot
- Ved mistanke om brot kan kommunen stille tilleggsspørsmål, til dømes:
- Har nokon bede deg betale tilbake delar av lønna etter utbetaling?
- Har du trekk i lønn som du ikkje forstår?
- Har du signert dokument du ikkje forstod innhaldet i?
- Har du opplevd press eller truslar knytte til lønn eller arbeidsforhold?
Språk og forståing
Dersom arbeidarar ikkje kan norsk eller engelsk, vil kommunen så langt det er mogleg prøve å omsetje informasjonen til eit språk arbeidstakaren forstår.
Informasjon til arbeidstakar ved samtale
Eg kjem frå Vindafjord kommune og er her i dag fordi kommunen ønskjer å sikre at alle som arbeider på dette prosjektet, har trygge og rettferdige arbeidsforhold. For oss er det viktig at alle arbeidstakarar blir behandla godt, får riktig lønn og arbeider under forhold som er i tråd med regelverket.
Vi gjennomfører difor enkle samtalar med arbeidarar på byggeplassen. Dette gjer vi som ein del av ansvaret vårt for å følgje opp kontraktar og sikre at lover og krav blir etterlevde. Målet er først og fremst å ta vare på rettane dine som arbeidstakar.
Eg ønskjer å stille deg nokre spørsmål, til dømes om:
- kvar du jobbar
- kva slags arbeid du gjer
- kor lenge du har jobba der
- lønn og arbeidstid
Dette er for å kontrollere at du får dei rettane du har krav på.
Det er frivillig å svare på spørsmåla. Dersom du ikkje ønskjer å svare, er det heilt i orden.
Dersom vi oppdagar forhold som ikkje er i tråd med reglane, kan saka bli følgd opp vidare, til dømes ved at Arbeidstilsynet blir varsla. Dette blir gjort for å bidra til at alle arbeidstakarar har det trygt og rettferdig på jobb.
Takk for at du tek deg tid til å snakke med oss.